POLITISK SKEPSIS: Skytebana vart tema då politikarane i formannskapet i Lærdal heldt møte torsdag.
POLITISK SKEPSIS: Skytebana vart tema då politikarane i formannskapet i Lærdal heldt møte torsdag. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Politikarane i Lærdal skeptiske til å tvinga fram ny skytebane

Skal det bli ny skytebane i Råsdalen må grunneigarane tvingast til å gje frå seg jorda. Den tanken liker politikarane dårleg.

Lærdal: Tønjum skyttarlag står utan skyttarbane, etter at den førre vart lagt ned. I februar fekk dei løyve til å greia ut plassering av ny bane i Råsdalen, men har undervegs møtt stor motstand frå grunneigarane.

Politikarane er no rimeleg samstemte på at initiativtakarane må få grunneigarane med på laget.

– Me vil ikkje godta ekspropriasjon på grunn av ei skytebane, mot viljen til alle grunneigarane. Viss skyttarlaget ikkje får dei med seg, så byrjar dei å kasta vekk pengane allereie, sa Trond Øyen Einemo, då planprogrammet for det vidare arbeidet med reguleringsplanen var oppe i formannskapet torsdag.

Politisk skepsis

POLITISK SKEPSIS: Skytebana vart tema då politikarane i formannskapet heldt møte torsdag. Foto: Halvor Farsund Storvik

Annike Renate Vanberg (SV) var den første til å seia seg einig då diskusjonen starta rundt bordet. Ho meiner det er viktig å gje skyttarlaget tydelege signal no, så dei ikkje går vidare med dyre planar som vil bli nedstemte.

– Saka er ikkje viktig nok til at vi kan godta ekspropriasjon, er hennar konklusjon.

Gro Starheimsæter (Sp) er òg veldig skeptisk til å tvinga grunneigarar til å avstå jord, men har ikkje teke endeleg stilling til planane.

Arbeidarpartiet er dei som verkar mest opne til å bruka tvang som verkemiddel.

– Me har ikkje teke stilling til ekspropriasjon, men vil sjå planane først. Me vil vera bevisste på kva som er til det beste for samfunnet, sa Kåre Mentz Lysne.

Klart signal

Ordførar Jan Geir Solheim tok ansvaret for å oppsummera.

– Alle er for at det skal koma ei ny skytebane, det er plasseringa som er kontroversiell. I denne saka er det ikkje èin positiv grunneigar, eller nabo. Alle som er berørte er imot, då er det ikkje lett å få fleirtal i eit politisk miljø. Det er eit klart, klart signal, sa Solheim.

Leiar Jarle Offerdal i Tønjum skyttarlag seier han ikkje har fått lese vedtaket til formannskapet. Men han vert overraska dersom politikarane plutseleg skulle ha innvendingar mot arbeidet med ny reguleringsplan.
 
– Planprogrammet er ei oppfølging av det vedtaket kommunestyret gjorde i februar. Då sa dei einstemmig at dette gjekk dei for, seier Offerdal.

Til toppen