EM-BRONSE: Jon Hermann Hegg frå Lærdal, tok bronse i EM i Bologna, Italia.
EM-BRONSE: Jon Hermann Hegg frå Lærdal, tok bronse i EM i Bologna, Italia. (Foto: arkiv)

Skyttartalentet frå Lærdal tok bronse i EM-finale

Jon Hermann Hegg imponerte i Italia.

Italia: Laurdag fekk Hegg 442,8 poeng på 50 meter heilmatch med rifle i finalen, og landa tredjeplass og bronsemedaljen. 

 Fredag vart det klart at Hegg og lagkameratane tok EM-gull på 50 meter heilmatch med rifle og verdsrekord i Bologna.

Norge fekk då til saman 3540 poeng, noko ingen før har greidd i OL-øvinga. Den gamle rekorden på 3535 poeng tilhøyrte Russland, og vart sett i VM i fjor.

Til toppen