GULL I NORDISK: Jon-Hermann Hegg frå Lærdal (i midten) tok gull i lagkonkurransen under det nordiske juniormesterskapet i skyting førre helg. Med seg hadde han Benjamin Tingsrud Karlsen og Henrik Larsen. Foto: Arne Morten Nyfløt
GULL I NORDISK: Jon-Hermann Hegg frå Lærdal (i midten) tok gull i lagkonkurransen under det nordiske juniormesterskapet i skyting førre helg. Med seg hadde han Benjamin Tingsrud Karlsen og Henrik Larsen. Foto: Arne Morten Nyfløt

Skyttartalentet tok gull i første internasjonale konkurranse

Men Jon-Hermann Hegg (17) frå Lærdal tør ikkje heilt å drøyme om OL-suksess enno.

Det nordiske juniormesterskapet i skyting vart førre helg arrangert i Trollhättan i Sverige. Jon-Hermann Hegg frå Lærdal var med det norske laget som tok gullet i luftrifle. 

Det var samstundes første gong han har fått representere dei norske fargane i eit internasjonalt meisterskap.

– Det var gøy. Det er dette eg trenar for, seier han.

Les også: Sterke prestasjonar av dei unge skyttarane

Ligg i hardtrening før NM

17-åringen går no på Norges Toppidrettsgymnas på Kongsvinger. Der er det obligatorisk trening kvar dag frå klokka sju til halv ni om morgonen. I tillegg blir det gjerne eit par timar etter skulen.

– Det er seigt å stå opp. Men det som trengst for å lukkast, seier Hegg. 

Les også: Samlar landets beste skyttarar

Skyttartalentet har tidlegare gjort det skarpt i baneskyting, mellom anna med tre førsteplassar frå Landskyttarstemnet. Då han byrja på NTG for eitt år sidan gjekk han over til OL-greinene 10m luftrifle, 50m heilmatch og 50m liggjande.

​Neste helg er det klart for NM og Jon-Hermann Hegg har ambisjonane klare.

– Forma er grei, så eg satsar på finale og helst pallplass, seier han.

Framleis langt fram til OL-draumen

På sikt er målet å vinne meisterskap og internasjonale stemne. Men OL har han ikkje heilt turt å byrja å drøyma om.

– Det skal halda hardt, i allefall på nokre år enno. No skal eg gå to år til på NTG, så får eg sjå korleis eg ligg an då. Er framgangen god, så held eg fram satsinga. Viss ikkje, så er eg ikkje sikker på korleis det blir. Men så klart, eg har jo lyst til å koma til OL, seier Hegg.

– Kor trangt er eigentleg det nålauget?

– Då må eg i såfall trena ekstremt mykje. Det er vel tre stykk som kjem til OL i kvar grein. Eg må ha nokon tusen timar til før det skjer. Minst, seier han.

Til toppen