– Slå ring om Ofredalen!

Formannskapet i Årdal går inn for ei løysing for å oppretta ei stifting for å ta vare på kulturarven i Ofredalen. - Dette er positivt, men eg håpar politkarane  for alvor skjønar at dette er ei brennheit hastesak. Me kan ikkje venta lenger, seier initiativtakar og eldsjel Harald Thune.  

Ulike medier i Sogn og Fjordane har i det siste skrive om Harald Thune og dugnadsgjengen som har kasta seg ut i det enorme anlegget i Ofredalen, også kalla Ne `Fø Sjøen. For no brenn det eit blått  lys for det som ein gong var den mest sentrale handelsstaden i Indre Sogn.

Maktar ikkje sjå på forfallet

- Me har vore ein gjeng på rundt 20-25 personar som har drive på sidan mai,

MORO OG NYTTIG: Lars Harald Øvstetun (33) og Odd Vidar Holen (66) seier dei likar bygningsarbeid, og at det berre er triveleg å putla på dugnadsarbeid i fritida.
MORO OG NYTTIG: Lars Harald Øvstetun (33) og Odd Vidar Holen (66) seier dei likar bygningsarbeid, og at det berre er triveleg å putla på dugnadsarbeid i fritida.

personleg gjer eg det rett og slett fordi eg ikkje maktar å sjå noko slikt unikt og flott forfalla, seier han entusastisk til Porten.no - og han er der mest av alle.

Han fortel kortfatta at staden har sterke historiske røter,  har gamle bygningar, hus, rom  og utstyr som kan synast fram som ein rein musesumsdel til besøkande allereie no.

Å få sjå korn bli til mjøl

- I tillegg må både mølla og saga restaurerast, slik at folk kan sjå korleis det vart jobba i det som var starten på industrisoga i Årdal. 

- Hadde det ikkje vore fint for skuleelevar til dømes å få sjå korleis korn vart til mjøl før i tida, spør han, og understrekar at målet sjølvsagt ikkje er å driva staden som på 1800- og starten på 1900-talet, men meir som ein lærerik illustrasjon.

Når det gjeld mølla. har dugnadsgjengen kome såpass langt at det ikkje skal så mykje til før den i gong med nok pengar og ekspertise.

HASTAR: Mykje er i ferd med å ordna seg i Ofredalen, men "saga" er den som sårt treng førstehjelp både i form av pengar og ekspertise.
HASTAR: Mykje er i ferd med å ordna seg i Ofredalen, men "saga" er den som sårt treng førstehjelp både i form av pengar og ekspertise.

Saga treng førstehjelp

Sjølve saga derimot, er til nedfalls. - Der er det krise om ikkje noko blir gjort med det første. Den treng førstehjelp, seier Thune..

- Eg trur knapt det er gjort noko her på 15 år, me hadde eit fæla arbeid berre med å få vaska ned hovedhuset, det såg rett og slett ikkje ut der, seier han.

Saknar direkte politisk interesse

Rundt 500 personar har vore ute i Ofredalen i sommar for å sjekka tilhøva Ne`fø sjøen. Då dugnadsgjengen inviterte til cafè og omvisning søndag, kom det 200 innom.

Thune seier han beint ut er skuffa over at svært få polikarar her teke turen til Ofredalen for å sjå og høyra kva dei driv med, og ikkje minst, kva dei har å hanskast med.

MANGE FLOTTE ROM: Inne i sjølve hovedhuset, er fleire av romma rydda og nedvaska. Dette er tenkt som "museumsdelen", og kan takast i bruk allereie no. Denne veven må vera interessant for mange skulle ein tru.
MANGE FLOTTE ROM: Inne i sjølve hovedhuset, er fleire av romma rydda og nedvaska. Dette er tenkt som "museumsdelen", og kan takast i bruk allereie no. Denne veven må vera interessant for mange skulle ein tru.

Mykje er gjort, men.....

No har dei fått gjort unna mykje arbeid både når det gjeld skogrydding, vassrenning, glaslister, måling av hus og gjerde, toalettanlegg, kornmøller, sjøbu, våningshus, røykhus, sjøbod, eldhus, kaianlegg, bruer, driftsbygningar og så vidare og så vidare.

- Men likevel, det går smått dette her, knapt utan midlar, og alt for få arbeidarar. Me betalar til og med mat og bensin sjølve, sukkar Thune, ein tanke frustert. Sjølv har han ikkje tal på kor mange gratis arbeidstimar og utgifter han har brukt på Ofredalen.

- Treng stiftinga no!

Årdal kommune er ansvarleg for drifta, då dei fekk anlegget i gåve frå dei tidlegare eigarane Ivar og Aslaug Offerdal i 1987. Men no er kommunekassa tom, og Harald Thune fekk difor klarsignal frå ordførarar Arild Ingar Lægreid om å gå i gang med dugnadsarbeid.

- Om politikarane no ikkje sporenstraks gjer dette til ei stifting, er det freistande å gå i gong med å starta dette sjølv. Det er garantert den beste løysinga. Me treng fleire millionar kroner, år, og ikkje minst kompetanse for å få diverse i gang,, seier Thune.

- Hugs at dette var det første handelssentrumet i bygda, her budde blant anna vår første ordførar; Endre Offerdal (f.1832-d.1919), og her var det første postkontoret i regionen, fortel Thune.

POSTKONTORET SOM FØR: Ofredalen hadde eitt av dei første postkontora i Indre Sogn. I dag står det som før.
POSTKONTORET SOM FØR: Ofredalen hadde eitt av dei første postkontora i Indre Sogn. I dag står det som før.

Ser føre seg gode tider i Ofredalen

- Kva ser du føre deg i framtida i Ofredalen?

- Ulike ting. Mykje. At dette skaffar turisme i bygda blant anna. Erling Eggum har sagt at han kan vera villeg til å driva med overnatting på anlegget. og to damer har sagt dei vil driva med cafèdrift om sommaren. Skuleelevar kan koma, me kan arrangera leirskule, det er mange soveplassar her. Og folk kan arrangera selskap med og utan overnatting , og det kan haldast julemarknad, sommarmarknad, ølbryggings-kurs, bryllaup, julebord, St,Hansfeiring og så vidare Det er berre fantasien som set grenser.

Han understrekar at allereie no kan folk spørja om å få arrangera ulike selskap i Ofredalen, då dei kan tilby både overnatting, stove, kjøkken, toalett, dusj og liknande.

KLARE TIL BRUK: Ofredalen har fleire overnattingsplassar, stover, festlokaler og andre fasilitetar klare til bruk.
KLARE TIL BRUK: Ofredalen har fleire overnattingsplassar, stover, festlokaler og andre fasilitetar klare til bruk.

Miljøpartiet Dei Grøne vil bevara Ofredalen

Med på rundturen i Ofredalen torsdag kveld, var Sandra Opheim og Lars Kristian Fauske i det nystifta partiet  i Årdal, "Miljøpartiet Dei Grøne" (MDG). Desse står høvesvis som nummer to og fire på denne partilista i Årdal.

- Ofredalen er noko me vil ha, og vera med på å bevara. Me ser eit stort potensiale for reiselivssatsing, skule, og leirskule. Å besøka ein autentisk stad frå 1800-talet i nærområdet er unikt, seier Opheim og Fauske.

Det er gjeve konsesjon for å leggja deler av Offerdalselvi i røyr. - Me håpar at dette ikkje blir lønnsamt likevel, slik at deler av elva ikkje blir lagt i røyr, seier dei bestemte, og kryssar fingrane for at det blir alt for dyrt. 

- Miljøpartiet Dei Grøne Årdal vil verna om å løyva pengar til Ofredalen, då me er opptekne av kulturbasert reiseliv. Me trur også at folk flest er meir opptekne av å kjøpa opplevingar enn å kjøpa materielle ting, seier Opheim og Fauske.

OFFERDØLA: Miljøpartiet Dei Grøne Årdal  (Her Lars Kristian Fauske og Sandra Opheim) og Harald Thune håpar at konsesjonen om røyrlegging av elva Offerdalselvi blir skrinlagt. - Det vil redusera verdien av anlegget om dette blir gjort, seier dei.
OFFERDØLA: Miljøpartiet Dei Grøne Årdal  (Her Lars Kristian Fauske og Sandra Opheim) og Harald Thune håpar at konsesjonen om røyrlegging av elva Offerdalselvi blir skrinlagt. - Det vil redusera verdien av anlegget om dette blir gjort, seier dei.

Identiteten og historia til årdøler og sogningar

Dei legg til at Ofredalen er bra for miljøet, og at staden har stor historisk verdi som har med identiteten til årdølene å gjere.

- Det er utruleg interessant å tenka på at dette er det første handelsknutepuktet i Indre Sogn. I tillegg er det fantastisk vakkert og idyllisk her ute, nærast ei magisk ro og atmosfære , smiler Opheim og Fauske.

Dei garanterar at  dei vil gjera alt dei kan  for Ofredalen om Miljøpartiet Dei Grøne kjem inn i styre og stell etter valet måndag. - Det slike saker me brenn for, seier dei to, og takkar Thune for framifrå arbeid i Ofredalen og for at han tok seg tid til ei omvising.

Håpar ikkje Offerdala blir lagt i røyr

Thune sjølv legg til at også han håpar at konsesjonen om å leggja deler av Offerdalselvi i røyr, blir skrinlagt. 

- Dette vil redusera verdien i anlegget, det vil ikkje sjåaset ut som før her når det gjeld  bruk av sag og mølle, seier han klar i sin tale.

EIN STAD Å BLI GLAD I: Harald Thune og fleire andre har blitt skikkeleg glad i Ofredalen og anlegget "Ne`fø sjøen".
EIN STAD Å BLI GLAD I: Harald Thune og fleire andre har blitt skikkeleg glad i Ofredalen og anlegget "Ne`fø sjøen".

Vil ikkje stå åleine om skryten

Thune vil ikkje vera den som står åleine med ros og skryt for at Ofredalen så smått har teke form att. 

- I snitt har det vel vore ein gjeng her på 20-25 personar, men rett som det er kjem det 1-3 personar her berre. Me satsar i utgangspunktet på å vera her kvar tydag og torsdag etter klokka 16.30, og sjølvsagt elles også.

- Eg nemner her nokre få namn i farten, Margot Strøm, Ivar Seim, Kjell Bronnes, Roger Bø og Roger Blix. Eg kan ikkje få understreka nok kor glade me blir for kvar einaste sjel som møter opp, det er ikkje noko å vera redd for. Har du utstyr, tek du med det, har du ikkje, er det ikkje så nøye. Det får du her, lokkar Thune. 

- Om du tek med litt mat og drikke, er dette supert. Og kjem du med heimebakst, kokar litt kaffi på kjøkkenet til fellesskapet, ja, då er du ein knupp. Hugs me treng til vasking, pynting og rydding også, og i hovedsak er det det sosiale som er mest viktig i dugnadsarbeid, smiler han.

Han oppmodar folk om å bli medlem av Facebook-gruppa kalla "Indre Ofredal, Ne`fø sjø`n" for å oppdatert informasjon om dugnadsjobbing. - Og har du ikkje Facebook, er det berre å ringa eller senda meg ein melding.

- Og du, foressten, kan du hugsa å skriva at me takkar for måling og mat frå butikkane i Årdal? Og at me gjerne tek i mot alt mogleg frå andre butikkar og andre som vil sponsa oss, ler Thune.

Til toppen