Sogndal: – Sverre skulle ha blitt drept. Magnus Erlingsson reiste ikkje inn her på lukke og fromme, men han var sikker på at han hadde total overmakt og at han skulle knusa Sverre, fortel historikar Torgrim Titlestad.

– Slaget om Fimreite er norgeshistorias vegkryss
Historikar Torgrim Titlestad kan med stor innleving fortelje om kvifor Sogn har vore ein svært viktig stad i historisk samanheng. Ikkje berre blei viktige slag kjempa her, men kongsmødre er fødde her og sognekvinner har sikra kongar trygge hamner.