Sogndal: Klokka 02.21 laurdag vart det meldt om slosting på Lægreidspuben i sentrum. Vakt på staden fekk kontroll på dei mistenkte, og det er ikkje meldt om nokon skade, skriv politiet på twitter.
− Ein mann i 20-åra vart lagt i bakken av ein vakt på puben, vakta skal også ha sete seg på han. Ingen skada og det var heller ikkje nokon som ynskte å anmelde saka, dermed vart mannen sendt heim, fortel operasjonssentralen.