Årdal – Dale 2-5
Årdal: Heimelaget førte kanskje an i kampen og hadde det største trykket gjennom 90 minutt, men det er lov å vere effektiv i fotball, og det var nettopp det gjestane frå Dale var.
Gultrøyene kunne gå nøgde i garderoben til pause med 2-0 etter scoringar frå Vegard Eikevik Dyrstad på straffe og Agust Helgi Jonsson.
Men etter ein pauseprat kom Årdal friskt ut og reduserte kjapt ved Christian Stedje.
– Det er smådetaljar som gjer at dei scorar alle fem måla. Det er vår eigen feil heile vegen. Det er spesielt irriterande at me slepp inn dei to første måla i 2. omgang for då hadde me flyten. Men som sagt, det er vår eigen feil, og det er veldig irriterane, seier Årdal-kaptein Brede Stedje Ylvisåker til Porten.no.
Artikkelen held fram under biletet.

– Fortener å tapa i dag
Ikkje lenge etter reduseringa til Stedje kom nummer tre frå Dale. Heimelaget hadde sendt opp mange spelarar, og då stoppar Kjetil Karlsen er uheldig med ball i beina, kontra gjestane inn 3-1 då Jonsson sette sitt andre. Ikkje lenge etter kom nummer tre for same mann.
Dale la på til 5-1, og då Andreas Natvik reduserte i debuten sin ikkje lenge etter, var det for seint å gjere det på.
– I dag fortener me å tapa. Når me slepp inn fem mål, så seier det seg sjølv, seier Årdal-kaptein Brede Stedje Ylvisåker til Porten.no etter kampen.
Årdal hadde fleire gode sjansar i 1. omgang, men greidde ikkje å utnytte desse. Då kunne ein kanskje ein Truls Hovland eller Preben Strypet, som begge leverte tosifra i fjor vore gode å ha.
Artikkelen held fram under biletet.

– I 1. omgang skulle me hatt nokre mål, men me fortener å tapa i dag fordi me slepp inn fem mål. Det er ikkje mangel på scoringar som er hovudproblemet sjølv om nokre mål i 1. omgang ville vore gunstig, seier kapteinen.
Startar svakt igjen
Tapet betyr også at årdølene startar svakt, slik dei har hatt for vane dei siste par sesongane.
– Fryktar du for at de gjer det igjen?
– Nei, det er eg ikkje redd for. Det er første kampen, så det er altfor tidleg å seie noko om det.
Artikkelen held fram under biletet.

– Kva må de gjere no inn mot neste kamp mot Eid?
– Det blir å luke vekk desse småfeila me gjer og vere meir effektive føre mål sjølve.
Artikkelen vert oppdatert.