ÅRETS HØGDEPUNKT: Musikalsk leiar i Årdalstangen Musikklag skriv at årskonserten er noko heilt anna ein i rekkja av tradisjonelle korpskonsertar. Foto: Arkiv
ÅRETS HØGDEPUNKT: Musikalsk leiar i Årdalstangen Musikklag skriv at årskonserten er noko heilt anna ein i rekkja av tradisjonelle korpskonsertar. Foto: Arkiv

Slår seg saman for å skape årets konserthøgdepunkt

Årdalstangen Musikklagg riggar opp til ei stor konsertoppleving neste helg.

Neste laurdag skal Årdalstangen Musikklag framføra det musikalske stykkjet "Fate Of The Gods" av Steven Reineke.

Til denne konsertopplevinga, har dei fått med seg musikklag frå heile fylket.

- Målet for denne konserten er at vi skal meistre eit stykkje som krev større besetning enn det vi har til dagleg, skriv musikklaget i ei pressemelding.

Bli bedre - få det betre

Gjennom prosessen "Bli bedre, få det betre" har Årsdalstangen Musikklag analyser deira eigen organisasjon og aktivitet, og sett seg klare mål for framtida.

For å oppnå dette målet har Årdalstangen Musikklag fått med seg medlemmer frå Eikanger Bjørsvik Musikklag, Farnes Skulemusikk, Fagforeningens Musikklag Høyanger, Flåm Musikklag, Langhus Brass, Lærdal Musikklag og Sogndal Musikklag.

- Til saman vert vi ca. 30 musikarar og med ei god besetning klangmessig, skriv Årdalstangen Musikklag.

Syng solo på fyrste opptreden

Ben Hirons skal vere solist på trompet og Hilde Horpen skal spele solo på klarinett.

- Fleire av korpset sine faste medlemmer skal ha solistinnslag. Ben Hirons, var nyengasjerte leiar for skulemusikk- satsinga og musikar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, vil spele eit virtuost stykke saman med korpset, skriv dei.

Saman med hovudverket "Fate Of The Gods", vil nok dette bli eit av høgdepunkta reint musikalsk, meiner arrangørane.

- På konserten vil publikum bli presentert for rekruttane til "nye" Tangen Skulemusikk som skal vere solostar på sin aller fyrste opptreden. Korpset satsar store ressursar på dette og rekrutteringa er i god gang, skriv musikklaget.

Idar Torskangerpoll, Hilde Horpen og Marie Johansen skal alle tre vere dirigentar.

I stadig utvikling

Konsertprogrammet er ifølge arrangørane variert, både i stilartar og vanskelegsgrad.

Dette er også eit av måla som korpset har sett seg; at musikantane stadig skal utvikle seg.

- "Fate Of The Gods" er eit verk som korpset sin musikalse leiar henta heim frå eit kurs han var på. Musikken har dramatisk bakgrunn, skriv dei.

Ellers presenterer Årdalstangen Musikklag kjende og ukjende musikalske innslag i to avdelingar.

- Denne gongen lever vi verkeleg opp til slagordet vårt: det vi vil få til, får vi til dersom vi vil. Vi kan nesten garantere at du går plystrande heim, avsluttar Årdalstangen Musikklag.

Til toppen