Balestrand: – Me gjer dette saman med Kvikne`s hotell for at det skal skje noko i Balestrand i samband med rittet Tour des Fjords, seier Odd Tore Moen.

Sykkelrittet «Tour des Fjords» starta i Balestrand i dag; første etappe er den 190 kilometer lange strekninga frå sognebygda til Førde.
Sjølv om syklistane neppe blir å finna på After bike-arrangementet ettersom dei altså går i mål i Førde etter etappa, ligg det an til god stemning på Natthuset i Balestrand onsdag kveld frå klokka 22.
– Det er gratis entrè og ope for alle, seier Moen.
Årdølen og Linda Moen Rebni frå Kaupanger spelar hits med spenn frå 70-talet og fram til i dag i konstellasjonen Hit Duo og dei håpar mange finn vegen til Natthuset på Kvikne`s Hotell.
– Me spelar både internasjonale og norske hits; det blir party-party musikk. Så det er i Balestrand det skjer i kveld, seier Moen.