– ATTREIS KLUBBHUSET: Det er beskjeden leiar i Lærdal Arbeidarparti Kristen Olav Grøttebø gir til kommunen. Foto: Arkiv.
– ATTREIS KLUBBHUSET: Det er beskjeden leiar i Lærdal Arbeidarparti Kristen Olav Grøttebø gir til kommunen. Foto: Arkiv.

Slåst for klubbhuset

Lærdøler krev å få tilbake det dei mista under storbrannen i januar. 

I formannskapsmøtet i Lærdal tysdag blir det avgjort om det skal byggast nytt klubbhus på same stad som det gamle klubbhuset til Lærdal skytehus sameige og Lærdal idrettslag etter storbrannen i januar.

Bygge eller vente?

Tilrådinga frå rådmann i Lærdal Alf Olsen jr. seier at alt ligg til rette for attreising av klubbhuset, men kommunen vil først vurdere arbeidet med tettstadsutvikling på Lærdalsøyri.

Kristen Olav Grøttebø, leiar av Lærdal Arbeiderparti, meiner prosessen har vore lang. 

– Eg skjønar ein har prioritert privathus først. No er det på tide å få opp att klubbhuset der det har stått. Det er viktig for å halde oppe aktiviteten for mellom anna skøyte- og skyttarmiljøet, seier han.

Håpar fornufta sigrar

Grøttebø meiner rådmannen sitt argument om å utsetje oppbygginga av klubbhuset grunna tettstadsutvikling ikkje held, då det er mellom anna 20 dekar bustadareal som står ubrukt.

Han legg til at eit slikt anlegg må vera ein bit av tettstadsutviklinga. 

– Eg går ut i frå at formannskapet er så fornuftige at dei attreiser bygget så fort som råd, seier Grøttebø.

Tek tid 

Rådmannen fortel at saka har vore tatt opp av attreisingstyret, der alle dei politiske partia er representert.

Også etter dialog og synfaring med representantar frå skøyte- og skyttarmiljøet, ønskjer eit samstemt attreisingstyre å bruke meir tid for å sjå på ei samla tettstadutvikling. 

Han legg til at det kan vera mykje me ikkje tenkjer på no, som er viktig å få med seg når me skal forme ein langsiktig plan for tettstadsutviklinga.

Til toppen