SLÅST: To personar braut ut i slåstkamp ved Klingenberg hotell natt til laurdag.
SLÅST: To personar braut ut i slåstkamp ved Klingenberg hotell natt til laurdag. (Foto: Arkiv)

Politiet rykka ut til slåstkamp på Klingenberg hotell

To personar braut ut i slåstkamp natt til laurdag.

Årdal: Klokka 01:30 fekk Vest politidistrikt melding om ein slåstkamp på Klingenberg hotell på Årdalstangen. 

Det var ifølgje politiet ein konsert på hotellet med kring 300 gjestar. 

– Det var to personar som hadde starta slåstkampen, og etterkvart hadde fleire blanda seg inn. Det var vektaren på staden som melde om slåstinga, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til Porten.no. 

Politiet ved Årdal lensmannskontor rykka ut til staden, men dei som slåst hadde reist frå staden. 

– Det har gått greit for seg, seier Kolltveit. 

Klokka 03:00 var lokala ved hotellet tomme for gjestar. 

Dårleg stemning i taxi

I Jostedalen fekk politiet melding om kroppskrenking frå ein 23 år gamal mann. Han  hadde vore på veg heim frå nachspiel i ein taxi, der stemninga surna.

Den fornærma fortalte at han hadde blitt slått av ein mann i 30-åra og melde om at han fekk eit kutt i leppa.  

– AMK tok seg av personen, og han snakka om at han ville anmelde forholdet, seier Kolltveit.

Til toppen