Luster: – I dag skal me onna på gamle måten. Onning er heile prossesen med å hesja, bruka ljå, og raka, seier Svein Solheim, leiar i Hafslo Sogelag.
For han er det viktig å syna ungar korleis dei jobba på garden, og brødfødde seg i gamle dagar.
– Mange ungar kjem med barnehagen hit og får omsyning på husmannplassen. Ofte spørr dei "men kor bada folk før?" for dei forstår ikkje korleis ting var i gamle dagar, og det vil me syne dei her.

Viktig å oppretthalda tradisjonen
Denne dagen er det 10 år sidan den fyrste slåttedagen, og kvar gong har det møtt opp mykje folk og vore god stemning.
– Dette er ein fin tradisjon som me har og det er viktig for oss å oppretthalda gamle husmanntradisjonar. Slik som me skal gjera i dag gjorde dei heile tida på gardane før for gardsbruk levde dei fleste på Hafslo av, seier Solheim.
Mette Alme er ei av dei som har vore på slåttedagen sidan oppstarten, og tykkjer det er kjekt å vera med på.
– Det var svigermor mi, Kjellfrid Alme, som fekk gjennomslag for dette for 10 år sidan. Ho truddet det kom til å bli populært og det blei det, seier Alme.
Gratis rømmegraut til alle som onnar
Svein Solheim opna dagen med ein liten tale, før dei røynde musikarane Arve Bjørn Røneid og Berit Lad spela musikk som folk kunne både klappa og dansa til. Etter det var det kåseri av Kåre Øvregard, før onninga tok til for store og små.
– Etter onninga får alle som prøvde seg gratis rømmegraut. Det er ikkje berre berre å slå med ljå for eg har prøvd men eg får det ikkje til, seier Alme og ler.
– No må me slutta å prata og koma i gong med arbeidet, ropar Solheim til dei frammøtte, og dermed går folk til alle kantar. Nokre får hjelp til å slipa ljåen sin, medan ungane spring ned til graset for å raka.
Dei yngste jobba hardt
– Eg plukkar graset oppi her, seier Tobias Brunborg (3) og syner kor hardt han jobbar med å få graset på plass etter det er hesja og raka saman.
– Å plukka gras er kjekkast, etterpå skal eg eta graut, seier han og tykkjer sjølv han er ganske flink til å jobba.

– Eg er storesyster til Tobias, og Johanne her er på besøk hjå oss. Me har raka alt saman, skyt inn.
Før dei kom på slåttedag visste dei ikkje kva verken slått eller onning var for noko.
– Det var litt løge, men no veit eg kva det er. Me har laga heile denne, seier Synne og syner stakken med gras som ho har jobba med.
Svein Solheim i sogelaget er nøgd med at mange små har møtt opp for å sjå.
– Dei veit så lite om korleis det var før så det er kjekt å få vidareføra tradisjonane, seier han nøgd.