Kaupanger: Onsdag var det tid for den årlege slåttedagen på museet. Målet er å halde i liv ein tradisjon med djupe røter i norsk landbruk.
– Eg synst det er flott at dei unge får sjå korleis det vart gjort i eldre tider, seier Inge Hofslundsengen, ein av dei mange frivillige som tok del i arbeidet denne dagen.

Vaks opp med ljå
Han vaks opp i Sogndalsdalen og var ofte med på slåtten i barndomen. Bruket låg bratt til og då var ljåen ein uvurderleg reiskap.
Den gongen var det kanskje slåtten assosiert meir med slit enn dei romantiske førestillingane vi har i dag. Likevel ser Hofslundsengen tilbake på tida med berre gode minner.
– Me hadde ein flott oppvekst på den måten der. Då måtte me vera med frå me var ganske små. Det er sikkert.

Fryktar tradisjonen forsvinn
Reidar Svegarden kom heilt frå Gudbrandsdalen for å ta del i innhaustinga.
– Det er ein tradisjon som er i ferd med å bli borte, i allefall der eg kjem frå. Det er litt stusseleg, for det er ein reiskap som har blitt brukt i årevis, seier han.
Svegarden meiner ljåen framleis har ei rolle å fylle, sjølv i det moderne samfunnet
– Du kan godt bruke ljåen rundt husa heime, men no er det mest brukt slike med motor på, seier han.

Formidlar gamal kunnskap
Folkemuseet på Kaupanger har hatt årlege slåttedagar i nær tjue år, ein tradisjon bygder som Hafslo, Fjærland, Vik etter kvart har teke etter.

– Det er eitt av våre hovudformål her på museet, å ta vare på tradisjonar, kunnskapen om slåttonna og bruken av dei gamle reiskapane. Å vidareformidle dette er viktig for oss, seier Aud Ross Solberg, avdelingsdirektør på museet.
Sander Solheim lærte å slå med ljå på hytta av bestefar. Han er ikkje i tvil om at det er nyttig å kunne.
– Du må kunne slå for å få høy til kyrna, seier han.