SMOLT: Torskjell Grimelid starta fredag arbeidet med å setja ut i overkant av 6000 lakseungar ut i Lærdalselvi. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
SMOLT: Torskjell Grimelid starta fredag arbeidet med å setja ut i overkant av 6000 lakseungar ut i Lærdalselvi. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Slepp 6.000 lakseungar ut i Lærdalselvi

Denne veka starta Torskjell Grimelid det store arbeidet med å sleppa ut smolten i Lærdalselvi som har vakse fram på Ljsøne klekkeri det siste året.

 Lærdal: I år er det 20 år sidan Lærdalselvi vart smitta av akseparasitten gyrodactylus salaris. Om elva er fri for gyro i 2017, heisar elveentusiastane flagget. Då vert nemleg favorittelva til Kong Harald offisielt erklært frisk. 

– Me må ha is i magen fram til me får prøveresultata neste haust, seier Torskjell Grimelid, dagleg leiar på Ljøsne klekkeri. 

Les også: Framleis ikkje spor etter gyro i Lærdalselvi

Sjå video øverst i saka. 

90.000 lakseyngel

På Ljøsne klekkeri er det full aktivitet om dagen. I overkant av 6.000 smolt skal dei kommande dagane fraktast ut frå klekkeri og sleppast ut i Lærdalselvi. Grimelid har det siste åra fôra fram dei små lakseungane som no er 13 centimeter lange. 

SMOLT: Lakseungane som skal settast ut i Lærdalselva er over 13 centimeter lange.
SMOLT: Lakseungane som skal settast ut i Lærdalselva er over 13 centimeter lange.

– Me tek stamlaks om sommaren og stryker den her på klekkeriet om hausten. Egga vert klekt i januar og i mars startar me fôringa. No er det litt over eit år sidan me starta å gi dei mat og smolten er no klar for begi seg ut på eventyret ut av elva, langs Sognefjorden før den vandrar vidare ut mot havet, seier Grimelid. 

Førre månad starta Grimelid å fôra ein ny pulje på 90.000 lakseyngel. Mange av desse vert sett ut i elva til sommaren, medan resten får vekse fram på klekkeriet. 

Les også: Berre seks prosent av merka fisk vart fanga på nytt

– Me har ikkje plass til så mange her på anlegget. I tillegg set me ut rogn som kjem frå ein genbank som har Lærdalsstammen. I elva brukar yngelen tre år på å bli smolt, her inne på klekkeriet brukar den berre eit år. Me gir den god mat og varme. Det er hovudforskjellen, seier Grimelid. 

Følgjer villaksen 

Smolt er ein lakseunge som tåler saltvatn. Etter å ha levd i ferskvatn i elva i nokre år, vandrar den vidare ut i fjorden og endar til slutt opp i havet. 

– I elva har den kamuflasjefarge, men når den kjem til havet får den pelagisk farge, omtrent som ei sild. Den er svart over og har sølvfarge under. Dette gjer den for å overleva i havet. I elva konkurrerer fisken med kvarandre, men i fjorden sym dei i stim. Då har dei større sjanse for å overleva enn om dei ferdast åleine, forklarar Grimelid. 

YNGEL: I april er det opp i mot 90.000 lakseyngel inne på Ljsøne klekkeri.
YNGEL: I april er det opp i mot 90.000 lakseyngel inne på Ljsøne klekkeri.

Forskarar har merka store deler av smolten som blir sett ut i elva med akustiske merker som gjer at dei kan følgja med på kvar laksen bevegar seg. 

– Denne smolten kjem til å følgje villaksen ut mot fjorden. Det er eit godt teikn, seier Grimelid. 

Fryktar "lusebeltet" 

På ferda ut mot havet er det såkalla "lusebeltet" langs kysten den største faren for dei små lakseungane. 

– Me har medisinert smolten med lusefôr. Slik skal eigentleg ikkje vere naudsynt, men oppdrettsnæringa spyr ut med lus og då må me ty til slike tiltak, seier han. 

Les også: Har sett på korleis lærdalslaksen kan unngå lakselus

KLEKKERI: Inne på Ljsøne klekkeri er det 6.000 smolt og 90.000 lakseyngel i dag.
KLEKKERI: Inne på Ljsøne klekkeri er det 6.000 smolt og 90.000 lakseyngel i dag.

På 70-talet trudde mange at oppdrettsnæringa kom til å redda villaksen ved å utkonkurrere den. Så feil kunne dei ta. I dag er oppdrettsnæringa ein stor trussel mot villaksen, både når det kjem til det store talet på rømmingar og lakselusa. 

– Ein kunne ikkje førestilla seg det enorme omfanget og konsekvensane. Om smolten får ti lus på seg, døyr den. Oppdrettsnæringa langs kysten er eit kjempe problem. Det tragisk, men realiteten. Kjem dei seg gjennom lusebeltet langs kysten og ut til Grønland og Barentshavet, har me redda mange, seier Grimelid. 

Smolten brukar i gjennomsnitt 14 dagar frå Lærdalselvi og ut til Sognefjorden. 

Altfor lite vatn i elva

På denne tida av året pleier vanlegvis Lærdalselvi å vera ein god del større enn det den er denne fredagen. 

– No er elva svært stabil og ligg på 10 kubikk, helst skulle me hatt ein liten periode med 20 kubikk slik at smolten hadde reist nedover langs fjorden, seier Grimelid. 

UT: Smolten vart sett ut i Lærdalselvi fredag morgon.
UT: Smolten vart sett ut i Lærdalselvi fredag morgon.

Lakseungane er ute på havet i to til tre år før den vender heimatt til Lærdalselvi. Før dei akustiske merka vart testa ut, måtte laksen fangast før forskarane kunne finne ut kvar fisken hadde våre. Dei akustiske merka er dyre, difor kan ein ikkje merke alle. 

– Til neste år skal me byrja med individuell merking av alle fiskane. Det er kjempe spennande. Dette er ein enklare metode der fisken passerar ei sløyfe langs fjorden og elva for å bli registrert, seier Grimelid.  

Få kjem attende

Mellom 3 og 4 prosent av dei 6.000 lakseungane kjem til å overleve og komme tilbake til Lærdalselvi om to til tre år. 

– Det er mange faktorar som verkar inn på ein bestand. Klekkeriet vart oppretta i 1973 då kraftverket kom på plass for å kompensere for eventuelle skadeverkningar, seier Grimelid som starta i jobben i 1976. 

Klekkeriet er eit einmannføretak som er drifta av stiftinga Norsk Villakssenter. Den siste tida har det derimot vore mange folk innom anlegget. Både forskarar og personar som har hjelpt til med strykinga av fisken. 

UT I ELVA: Smolten vert sett ut ved Blaaflat i Lærdalselvi.
UT I ELVA: Smolten vert sett ut ved Blaaflat i Lærdalselvi.

Kvar elv i Noreg har eit tal på kva ytebestandsmåla skal vere. Talet for Lærdalselvi er 600 holaks. I fjor var den totale bestanden på 1080 individ laks. 

– Me er nesten i mål, men ikkje heilt endå. Om me får klarsignal til at elva er gyrofri til neste år, skal me opna laksetrappene slik at laksen på enklare vis kjem seg lengre opp i elva, seier Grimelid. 

Desse trappene vart stengt dagen etter at gyroen vart påvist i 1996. Sidan den gong har elva vore utsett for to rotenonbehandlingar som drap alt liv i elva og til slutt aluminiumbehandlinga som ser ut til å hjelpe. 

– Lærdalselvi har eit godt rykte i heile verda. Me har stor laks, rimeleg bra med fisk, det er greitt å fiske her og fine omgivnadar, avsluttar Grimelid. 

Til toppen