PROTEST: Elevar har protestert mot fråversregelen, som mellom anna går utover køyreopplæringa. No har hovudutvalet for opplæring kome med eit kompromiss. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
PROTEST: Elevar har protestert mot fråversregelen, som mellom anna går utover køyreopplæringa. No har hovudutvalet for opplæring kome med eit kompromiss. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Slepp fråvær for obligatoriske køyretimar

Hovudutvalet for opplæring har bestemt at glattkøyring, langkøyring og oppkøyring ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa.

Sogn og Fjordane: Den nye fråværsgrensa har skapt mykje debatt i media. Det er ikkje berre skuleelevane som reagerer på 10 prosentregelen. Også andre næringar, som til dømes dei som driv med køyreopplæring, merkar dette.

Mellom anna har det vore diskusjonar knytt til køyreopplæring og  krav til helsedokumentasjon for elevar som har nådd 10 prosent-grensa for fråvær for å få karakter i faget.

Onsdag vedtok hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane at obligatorisk kurs i glattkøyring, langkjøring og oppkøyring til førarprøva er ein lokal velferdsgrunn som ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa for fråvær for å få karakter i faget.

– Stortinget har bestemt ei ny nasjonal grense. Det me har gjort, er at me har tilpassa vårt regelverk fordi me ikkje er nøgd med dei nasjonale føringane. Difor vart det også vedtatt at eg og fylkesordføraren reiser til Oslo og sjå på kva me kan gjere med dette politisk. Det er ein del uheldige konsekvensar av dette, seier leiar i hovudutvalet, Karianne Torvanger (Ap). 

Torvanger kallar regelverket eit halvferdig hastverkarbeid, der ein utviklar ulik praksis mellom fylka. 

– Difor vil me ha eit møte med utdanningskomiteen og legge fram sidene ved saka, seier ho.

Hovudutvalet vedtok også at kravet til dokumentasjon må skulane utarbeide rutinar i samarbeid  med aktuelle  samarbeidspartar.  Ein må sjå til at rutinane vert så smidige at dei ikkje belastar nokon av partane meir enn nødvendig.  

Fylkesdirektøren for opplæring skal sjå til at reglane vert praktisert likt mellom skulane.

Til toppen