VOTERING: Her slår Høgskulen i Sogn og Fjordane seg i hop med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VOTERING: Her slår Høgskulen i Sogn og Fjordane seg i hop med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Slik argumenterte styremedlemmane

Her er eit ekstrakt av synspunkta styremedlemmane la fram under handsaminga av fusjonssaka.

 

Sogndal: – Det kan bli tøff ordveksling og eg må minna om at me skal vera saklege. Me gjev oss sjølve den tida me treng. Nokre kan få nye og andre erkjenningar, også eg.

Tok tre timar

Slik innleia Trond Ueland i starten av møtet i Høgskulestyret som enda med at Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) fusjonerte med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Saman blir dei Høgskulen på Vestlandet.

Det vart heit debatt, stor spenning med Jan Olav Fretland på vippen, ei gruppe studentar som protesterte mot fusjon i framkant av møtet og ein studenparlamentsleiar som i etterkant var innstilt på å jobba best mogleg for framtida til studentar i Sogn og Fjordane

FOR: Styreleiar Trond Ueland (på kortenden av bordet til høgre) stemde for fusjon. Rektor Rasmus Stokke til venstre for Ueland er sekretær for styret og personaldirektør Wenche Fjørtoft til venstre for han att referent.
FOR: Styreleiar Trond Ueland (på kortenden av bordet til høgre) stemde for fusjon. Rektor Rasmus Stokke til venstre for Ueland er sekretær for styret og personaldirektør Wenche Fjørtoft til venstre for han att referent.

Handsaminga av fusjonssaka tok tre timar. Styreleiar Ueland bad representantane koma med sine synspunkt og argumentasjonsrekkjer i framkant av voteringar. Her er ei samanfatning av standpunkta til dei enkelte: 

Eksterne styrerepresentantar:

Trond Ueland, kommunalsjef i Førde kommune: La vekt på at større, tyngre utdanningsinstitusjonar er nasjonal politikk som ikkje blir endra ved eit eventuelt regjeringsskifte. Understreka at toget gjekk no, ein kunne ikkje hoppa på seinare. Meinte HiSF hadde fått svært god utteljing i arbeidet med fusjonsavtalen. Påpeikte at han ikkje gjekk inn for fusjon for ein kvar pris - mellom anna måtte studentvelferden sikrast. Meinte ein hadde fått full score her i "krisemøtet" med studentsamskipnadane og Kunnskapsdepartementet.  Stemde for fusjon.

Anneli Nesteng, Kraftverksjef ved Hydro Sogn: La stor vekt på kva ulike interessentar meinte, kva behov samfunnet har. Påpeikte at mellom andre både departement og dekanar ser store fordeler ved fusjon, og at næringslivet - som dei høgare utdanningsinstitusjonane er til for - treng utdanningar med master- pg doktogradar. Meinte det difor ville vera for snevert å gå for ein "bachelorinstitusjon på Vestlandet", som det vart framheva HiSF ville bli ved å stå åleine. Tok med seg at studentane var mot fusjon, men påpeikte at dei var i utdanninga ein avgrensa periode, og meinte ein ville rusta dei betre i ein stor utdanningsinstitusjon. Stemde for fusjon.

Kari Kjenndalen, Pensjonist, tidlegare fakultetsdirektør ved Høgskulen i Oslo og Akershus: Påpeikte at HiSF var effektiv og veldriven i dag, men meinte mykje ville kunne sjå annleis ut om fem-ti år. Nemnde at fleire masterstudiar enn det er ved HiSF i dag blir forventa, og at ein må stella seg så ein når opp til desse forventingane og helst også får doktorgradsstudie. Hinta at ein neppe kjem dit ved å vera ein av dei små, sjølvstendige høgskulane. Meinte fusjonsplattformen var så god som den kunne bli for HiSF sitt vedkomande. Påpeikte at ho som eksternt styremedlem la stor vekt på rektors anbefaling. Stemde for fusjon.

Hans Johan Breidablik, Fagdirektør i Helse Førde: Meinte det ikkje var god forvalting av samfunnsoppdraget ein har som institusjon for høgare utdanning å seia nei til fusjon. Nemnde at frykt var Sogn og Fjordane si forbanning - frykt for å bli etne opp av andre, større i slike fusjons-/samarbeidsspørsmål. Denne tankegangen måtte ein leggja av seg, sa han. Tykte ikkje utdanningane i Førde (Hovudsakleg helsefag og ingeniørstudiane, red. anm.) fekk nok plass i debatten, og meinte det er der veksten kjem til å vera. Stemde for fusjon.

DELTE1: Dei eksterne styrerepresentantane Hans Johan Breidablikk og Anneli Nesteng (i midten) stemde for fusjon, medan dei interne representantane Oddmund Løkensgard Hoel (t.h.) og Magnus Nordrum Brøste (t.v.) stemde mot.
DELTE1: Dei eksterne styrerepresentantane Hans Johan Breidablikk og Anneli Nesteng (i midten) stemde for fusjon, medan dei interne representantane Oddmund Løkensgard Hoel (t.h.) og Magnus Nordrum Brøste (t.v.) stemde mot.

Interne styrerepresentantar:

Ole Kleiven, Avdeling for helsefag: Meinte ein ikkje hadde sjanse til å serva næringslivet ved å bli ein "bachelorinstitusjon". Nemnde at utgreingsperioden hadde vore god og at HiSF hadde fått inn alle punkt i plattformen for den nye Høgskulen på Vestlandet. Tykte det ville vera veldig rart om ein sa nei til fusjon og at eit "nei" ville kunne bli ganske alvorleg. Var redd høgskulen ville bli sprengd i to om ein stod åleine. Stemde for fusjon.

Jan Olav Fretland, Avdeling for lærarutdanniong og idrett: Kom med ei rekkje argument for og mot fusjon, derav nokre av dei for var:

  • At ein ser føre seg vestlandet som ein meir samansveisa region. 
  • At høgskulen er til for mykje fleire enn Sogn og Fjordane.
  • Ein blir ei sterkare motvekt mot Oslomakta ved å stå samla.
  • At regjeringa har ein plan for store institusjonar og riggar alt av lover og forskrifter for det. (Som Fretland vidare påpeikte ikkje var det beste argumentet for ettersom det meir eller mindre blir eit pressmiddel). 
  • Opninga for nye koplingar - ein får ressursar til digitale utdanningar. 
  • Faren for sjølvgodheit i Sogn og Fjordane - ein fare for at me repeterer at me er så gode til alt at me trur det sjølve og inntek ein posisjon med manglande realisme.

Nokre av argumenta mot fusjon var: 

  • At det blir ein meir tungrodd organisasjon med uklare styringslinjer.
  • "Fusjonsulempe" i form av at Bergen er mykje mindre forankra i plattformen enn ein er i Sogn og Fjordane.
  • At ein kanskje får fleire og meir spennande studentar ved å vera "annleis"  - det finst ein del slike bilete frå før.
  • Ein er tettare på studentar i ein mindre institusjon
  • At det som er bestemt i fusjonsplattformen går til Bergen, medan dei punkta Sogn og Fjordane har ivra for er formulerte med "skal drøftast/utgreiast" og så vidare.

Stemde for fusjon.

DELTE2: Frå venstre mot høgre på motsett side av bordet stemde Åse Neraas mot, Jan Olav Fretland for, Inger Auestad mot, Kari Kjenndalen for og Ole Kleiven for fusjon. I framgrunnen til venstre Trine Ludvigsen Rygg som stemde mot fusjon. Alle desse er interne styrerepresentantar med unntak av Kjenndalen.
DELTE2: Frå venstre mot høgre på motsett side av bordet stemde Åse Neraas mot, Jan Olav Fretland for, Inger Auestad mot, Kari Kjenndalen for og Ole Kleiven for fusjon. I framgrunnen til venstre Trine Ludvigsen Rygg som stemde mot fusjon. Alle desse er interne styrerepresentantar med unntak av Kjenndalen.

Oddmund Løkensgard Hoel, Avdeling for samfunnsfag​: Påpeikte at han var todelt. På den eine sida klarar HiSF seg godt i dag med tilfredse studentar og ein er på full fart oppover når det kjem til forsking og internasjonalisering. På den andre sida driv HiSF utdanning og forsking i eit område av landet som er under press. Det er ein sektor i endring som held fram å vera i endring. Stemde mot fusjon.

Åse Neraas, seksjon for utdanning (For dei teknisk-administrativt tilsette): Påpeikte at ho trur ein klarar seg bra ved høgskulen uansett fusjon eller ikkje. Nemnde på den eine sida at fusjonsavtalen ikkje berre er ord, men eit forpliktande dokument. Ho meinte også det vil vera enklare å rekruttera nøkkelpersonar i ein stor institusjon, og at ho var glad for det positive møtet for studentsamskipnaden sitt vedkomande dagen i førevegen. På den andre sida var ho usikker på om ein klarar å ta betre vare på regionrolla i ein stor organisasjon, og om det ville bli like kort veg til beslutningsmyndet som det er i dag. Påpeikte vidare at ein må dela merksemd med to andre og at det i sakene med temperatur er stemmetalet som gjeld - her blir det ikkje slik at 1+1= 2, altså at Høgskulen i Bergen vil vera tyngst i den nye Høgskulen på Vestlandet - frykta "jumboplass på pallen" for HiSF sin del. Ho var også usikker på om ein med fusjon klarde å vera så tett på studentane som ein er i dag, og i og med at ein gjer det så bra som ein gjer det no stemde ho mot fusjon.

Inger Auestad, Avdeling for ingeniør- og naturfag: Frykta ein ville mista ein del viktige kvalitetar i ein stor Høgskulen på Vestlandet, vidare at det i plattformen var bestemt og fastlagd mellom anna at rektoren skal sitja i Bergen - at ein del spørsmål allereie var lukka. Påpeika at mange av momenta ein fekk skryt for - også frå høgaste politiske hald - var nettopp det som kjenneteikna små instistusjonar: ein slank administrasjon og kjappe avgjersler, mellom anna. Stemde mot fusjon.

​Dei to studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste, Avdeling for samfunnsfag, og Trine Ludvigsen Rygg, Avdeling for lærarutdanning og idrett, la ikkje fram slike argumentrekkjer og synspunkt på same vis som dei andre styremedlemmane, men stemde begge mot fusjon. 

Til toppen