OVERSKOT: Wenche Eldegard og Hydro Årdal presenterer fredag eit overskot på 118 millionar kroner i første kvartal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERSKOT: Wenche Eldegard og Hydro Årdal presenterer fredag eit overskot på 118 millionar kroner i første kvartal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik blei resultatet i første kvartal for Hydro Årdal

Hydro Årdal presenterer fredag eit overskot på 118 millionar kroner før renter og skatt i første kvartal.

Årdal: Resultatet i første kvartal er 46 millionar kroner betre enn i fjerde kvartal i fjor. Hovudgrunnen er høge metallprisar, svak norsk krone samanlikna med amerikansk dollar og sesongmessig sterkare etterspurnad.

– Me har hatt svært god drift i første kvartal, og me leverer godt på alle tekniske parameter, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding.

Ho gler seg spesielt over at Hydro har bestemt seg for å oppgradere krabonanlegget på Årdalstangen, der produksjonen kjem til å auke med 30.000 tonn i året.

– Strategisk viktig

I tillegg til utbygginga vert anlegget også i stor grad automatisert og modernisert. Kostnaden på investeringa er på 60 millionar kroner. 

– Dette er ei strategisk viktig investering for verket vårt, som gjer oss i stand til å tilpasse oss kundebehova i framtida, seier Eldegard.

Karbon på Årdalstangen leverer anodar til produksjon i Øvre Årdal, Sunndal og Høyanger. Dessutan skal teknologipiloten på Karmøy drivast av anodar frå Årdal når anlegget startar opp seinare i år.

Prisdryss

I løpet av dei tre første månadene av året har fabrikken i Årdal også fått synleg prov på at det dei held på med er bra. Under den årlege globale årskonferansen for forretningsområdet Primærmetall i Hydro, stakk Hydro Årdal av med to av fire prisar.

Desse vart gitt til Tya Støyperi og Årdal Karbon.

– At me vinn desse prisane betyr at det er verdsklasse på mykje av det organisasjonen vår gjer, og det er eit resultat av forbetringsarbeid i heile verdikjeda over lang tid. Dette har me all grunn til å vere stolte av, meiner fabrikksjefen.

Til toppen