Slik blir 17. mai-vêret: - Legg att paraplyen heime
(Foto: Arkiv)

Slik blir 17. mai-vêret: - Legg att paraplyen heime

Sola skal skinna over sogningane på nasjonaldagen, melder Meterologisk institutt.

Indre Sogn: Når nasjonaldagen brakar laus med salutt på torsdag, kan alle sogningar tre på seg bunaden med lette sinn. Born som vaksne kan nemleg nyta 17.mai-isen i solskin. 

– Det skal bli lettskya pent vêr. Temperaturen vil vera litt lavare enn kva den har vore dei siste dagane, og vil ligga på rundt 15 grader. Det vil vera eit høgt tynt skydekke utover dagen, seier meteorolog Gunnar Livik. 

Vêret skal bli ganske likt på heile Vestlandet. På kysten kan det koma ein del vind og noko lågare temperaturar, men det vil ikkje påverke indre strøk. 

Til toppen