Slik blir 17. mai-vêret

Slik blir 17. mai-vêret

Det blir for det meste grått og vått i Sør-Noreg på 17. mai, men i Nord-Noreg vil sola ofte kikke fram mellom skyene.

– Hovudstaden og resten av Austlandet vil truleg vakne til regn, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes til NTB.

Nedbørsfronten vil derimot flytte seg austover mot Sverige i utover dagen, noko som kan føre til at enkelte solstrålar bryt gjennom skylaget. Likevel er det også utover ettermiddagen og kvelden fare for regnbyer på Austlandet, sjølv om det blir mindre grått enn i morgontimane.

Litt sol på Sørlandet

Aust-Agder og Telemark får sannsynlegvis det beste vêret i Sør-Noreg, med sol og opphaldsvêr, og liten fare for byer. Vest-Agder vil derimot få regn ut på dagen, til liks med Vestlandet.

– På Vestlandet sør for Stad vil nok ikkje folk sjå sola i det heile. Bergen vil truleg vakne til regn, og det blir meir regn utover dagen, fortel Moxnes.

I Møre og Romsdal blir det også byer ut på dagen, men her vil sola kunne kikke fram mellom skyene. Også i Trøndelag blir det ein grå himmel, med moglegheit for enkelte byer.

– Samla sett blir det i Sør-Noreg stort sett paraplyvêr, seier Moxnes.

Opphaldsvêr og sol i nord

I Nordland sør for Bodø blir det sol, men fare for litt regn. Innbyggjarane nord for Bodø får derimot truleg det beste vêret i landet på nasjonaldagen:

– Her blir det nok veldig fint. Det blir opphaldsvêr og lange periodar med sol, men det blir litt meir skyer i Finnmark enn i Troms, fortel Moxnes.

Spitsbergen vil også få fint vêr på nasjonaldagen, med enkelte snøbyer natt til 17. mai, men opphaldsvêr og sol på sjølve festdagen.

Kjølig over heile landet

Uavhengig av om regnskyene truar, eller sola kikkar fram, er det få som risikerer å sveitte i bunaden:

– Det blir kjølig over heile landet, fortel Moxnes.

Statsmeteorologen spår at det blir rundt 13 grader i Oslo, og mellom 10 og 11 grader i Kristiansand. I Bergen og Trondheim vil gradestokken ikkje krype over 10-talet, medan innbyggjarane i Tromsø kan belage seg på mellom 8 og 10 grader. (©NTB)

Til toppen