SOL: På grunnlovsdagen skal sola skine over Indre sogn.
SOL: På grunnlovsdagen skal sola skine over Indre sogn. (Foto: Arkiv)

Slik blir 17.mai-vêret

Sol og litt skyer vil pryda himmelen på nasjonaldagen i Indre Sogn.

Indre Sogn: Når nasjonaldagen brakar laus med salutt på fredag, kan alle sogningar tre på seg bunaden med lette sinn. Born som vaksne kan nemleg nyta 17.mai-isen i solskin. 

– Det er meldt ganske fint vêr. Det er meldt roleg vind som kan auka litt på med vind fra aust utover dagen. Dagen startar med nesten heilt klart himmel, så vil det dukke opp litt skyer utover dagen, seier meteorolog Frode Hassel til Porten.no. 

Han legg ikkje skjul på at det kan bli hett for dei i bunad:

– Temperaturen i indre strok vil truleg ligga mellom 18 og 21 grader, så me får kanskje håpa det kjem litt vind utover dagen, spøker han.

Korleis feirar du nasjonaldagen? Om det er champagnefrokost eller sekkeløp, send oss gjerne bilete frå feiringa til tips@porten.no

Til toppen