Sogndal/Kaupanger: Kampoppsettet for andre runde i cupen er klart, både for herrer og kvinner. Sogndal skal spele borte mot 2. divisjonslaget Raufoss, medan Kaupanger tek imot Sandviken på heimebane.
Raufoss ligg på femteplass i første avdeling av andredivisjon etter tre serierundar.
Sogndaltrenar Eirik Bakke håper han skal klare å stable på beina eit slagkraftig mannskap, men:
– Kampen går midt mellom oppgjera mot Brann og Kristiansund i Eliteserien. Det er Eliteserien me må prioritere, seier sogndaltrenar Eirik Bakke til heimesida til klubben.
Kaupanger møter Sandviken heime, eit lag dei kjenner godt etter å ha møtt andrelaget i serien, med seks førstelagsspelarar frå start. Den kampen vann Kaupanger 4-0, men dei får det nok vesentleg tøffare denne gongen.
Herrane spelar 24. og 25. mai, kvinnene 31. mai.