LA FRAM PLANAR: Leiar i Årdalstangen Idrettslag la torsdag fram planane dei har for årets Fjord til Fjell-arrangement. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
LA FRAM PLANAR: Leiar i Årdalstangen Idrettslag la torsdag fram planane dei har for årets Fjord til Fjell-arrangement. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Slik blir årets Fjord til Fjell

Torsdag la ÅTIL fram planane dei har for årets Fjord til Fjell og håpar fleire vil nytte helga til å syne seg fram.

Årdal: Leiaren i idrettslaget gjekk tidlegare denne veka ut i Porten.no og sa han var skuffa over mangelen på respons frå handelsstanden i Årdal. I ettertid har han fått nokre tilbakemeldingar, og det er først og fremst det at årets festival er lagt til pinsen at mange har problem med å stille.

– Nokre frå handelsnæringa har respondert, og det er fordi det er pinse og problem med bemanning som gjer at helga passar dårleg. Det er ei ærleg sak, men eg håpar dei greier å skrapa saman folk slik at dei kan vere med, seier Roy André Bergerud.

– De føler ikkje at det er slik at aktørar rett og slett ikkje vil vera med?

– Nei, absolutt ikkje. Me registrerer i sosiale media at mange seier det er feil helg fordi folk skal på tur. Det er sant, men det kjem også mange tilbake til bygda denne helga, og me håpar dei tykkjer dette er topp og blir med på festen, svarar han.

Difor pinsehelga

På informasjonsmøtet som idrettslaget hadde kalla inn til torsdag, fortalte Bergerud at årsaka til at dei gjekk for pinsehelga var av to årsaker. Dette var den einaste helga tivoliet kunne kome, og fordi dette var ei helg som ikkje kolliderte med andre arrangement i regionen.

– Me meiner tivoli er synonymt med Fjord til Fjell. Dette er eit trekkplaster for barnefamiliar og ungdom, og tivoliet tilbyr noko ÅTIL ikkje kan med karusellar og slikt, seier han.

Nøgd med programmet

På møtet la han også fram planar og idear for årets festival, som han har stor tru på.

– Me er nøgd med programmet så langt. Det virka kanskje litt verre enn det er etter den saka (som Porten.no skreiv journ. anm.), men det går på handelsstanden. Alt det andre er veldig bra, og me kjem til å kontakte nokre aktørar til, seier han.

«Alt det andre» inneberer mellom anna bilutstilling, grilling, billotteri og underhaldning på kveldane. Mange lag og organisasjonar stiller med aktivitetar og liknande, og sjølvsagt skal også idrettslaget syne fram sine idrettar.

– Me tykkjer det er fint når andre vil vera med. Fjord til Fjell er ein fin plass å syne fram aktivitetar på, og alle i Årdal kan vere med og vise kva dei har å tilby. Dessutan er dette med på å skapa liv i sentrum.

Til toppen