Lærdal: I Lærdal har alle som driv med frukt, bær og grønsaker vatningsanlegg, og god tilgang til vatn. Tørka dei klagar over andre plassar er altså ikkje noko problem her.
– Slik sett er me godt stilte, utfordringa er vel meir å rekka over alt og få vatna nok. Men eg trur dei fleste har kontroll på det, eg har ikkje høyrt noko anna, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.
- Les òg: Endeleg får dei eldre her lokale smakar på menyen
- Les òg: Han vil nå 100 millionar i omsetnad i 2020

Spent på korleis smaken vert påverka
Det varme vêret har først og fremst konsekvensar for logistikken. For når alt veks kjappare kan dei ikkje berre sjå på kalendaren når dei skal planlegga innhaustinga.
– Det gjer det litt vanskelegare å planlegga bemanninga. Og så lenge dette vêret ikkje gir seg, så blir det enno tidlegare, og enno tidlegare, og enno tidlegare, seier Blaaflat Mundal.
So langt har dei levert sommarkål, blomkål, poteter og jordbær. Bringebær kjem truleg til helga, medan morellane er venta ut i neste veke.
– Me har levert bra med poteter, og der var det ikkje noko problem med kvaliteten i det heile. Jordbæra var vel litt betre i fjor, for dei veks litt fort i år, seier den daglege leiaren.
Han er spent på om å sjå korleis smaken på bringebæra og morellane blir påverka av all lyset og varmen dei har fått.
– Fordelen vår er at ting veks sakte, no har det vakse veldig fort, så me får sjå, seier han.
Lovande for morellane
Det same vêret har slått til hos alle dei store produsentane, ikkje berre i Sogn. Det gjer at morellane og bringebæra fort kan koma på marknaden samstundes, noko som ikkje er heilt heldig.
Blaaflat Mundal trur likevel at dei er så tidlege at dei vil få selt ut det meste i skuleferien, då etterspurnaden er større enn vanleg.
– Og så sel me bra med bær når det er sånt vêr, òg i dei store systema, ikkje berre langs vegen.
Dei har ikkje grunn til å tru at vêret vil påverka mengdene dei produserer heller. Bringebærsesongen blir nok ikkje den heilt store, men det har meir med den tøffe vinteren å gjera, enn varmen me opplever no
– Når det gjeld morellane, så ser det voldsomt bra ut. Får dei veksa seg store og feite, så kan det bli ein voldsomt bra sesong, seier Blaaflat Mundal.