Sogndal: Vegvesenet ønskjer å byggja ein 2,5 meter brei tofelts sykkelveg gjennom Gravensteinsgata i Sogndal sentrum, med eit to meter breitt fortau for fotgjengarar ved sidan av.
– Grunnen til at me har gått for ei separert løysing, er at det er såpass mange gåande og syklande, og me legg opp til at det skal verta enno fleire, seier Åse-Birgitte Berstad, planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Planane vart gjort offentlege tysdag.
- Les òg: Gravensteinsgata får sykkelveg
- Les òg: Heisa flagget for ny gangveg: – Har vore livsfarleg å gå langs vegen her
Ny løysing
Forslaget til vegvesenet er i tråd med den overordna sykkelplanen for Sogndal sentrum som politikarane har vedteke. Dette blir den første dedikerte sykkelvegen i Sogndal, bortsett frå eit merka sykkelfelt i Fossvegen som går opp til Høgskulen.
– Dei to kan ikkje samanliknast. Dette blir ei ny løysing for Sogndal sentrum, seier Berstad.
Ho trur sykkelvegen i Gravensteinsgata kan verta ein mal for delar av sykkelvegnettet som Sogndal har planlagt.
– Prosjektet heng godt saman med resten av gang- og sykkelsystemet, vidare vestover mot Stedje og austover mot Helgheim, Loftesnes og Kjørnes, seier Berstad.
Målet er opning i 2022
Prosjektet ligg inne i NTP med 42 millionar kroner. Målet er at byggjinga skal starta i 2020, med opning i 2022.
Sykkelvegen vil starta i krysset ved Dalavegen, der det òg er planlagt ei ny rundkøyring. Dei to prosjekta skal sjåast i samanheng, men det er ikkje avklart om dei skal byggast samstundes.
Sykkelvegen sluttar i Hovevegen i rundkøyringa ved Kulturhuset.
Planen vart sendt på høyring 6. september. Frist for å koma med innspel er 20. oktober.