Frå hovudinngangen har ein fri sikt heile vegen til gassgården i deltaspissen, og gjennom glasveggen til grøntarealet utanfor. Auditorieveggen sin jamne, trekledde kurve står i kontrast til kantinebygget sin solide teglfasade.
Frå hovudinngangen har ein fri sikt heile vegen til gassgården i deltaspissen, og gjennom glasveggen til grøntarealet utanfor. Auditorieveggen sin jamne, trekledde kurve står i kontrast til kantinebygget sin solide teglfasade. (Illustrasjon: Link arkitektur/Consto)

BILDESERIE

Dette er hjartet i den nye vidaregåande skulen i Førde

Vestland fylkeskommune har innstilt Consto som totalentreprenør og vinnar av konkurransen om å byggje den nye vidaregåande skulen i Førde

Førde: – Consto har den klart beste løysinga sett på bakgrunn av konkurransegrunnlaget, seier Josten Fjærestad, eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

Han meiner vinnarbidraget «Delta» gir eit kompakt skulebygg med god flyt, og er ei framtidsretta løysing for ein samla vidaregåande skule i Førde. Consto hadde også lågast pris av tilbydarane.

Deltakarane i gruppa som vann pris- og designkonkurransen er Consto, Link arkitektur, Sweco, VB, Skår VVS AS, Jatak, Fokus Elektro og R. Torgersen AS.

Juryrapporten legg blant anna vekt på at viktige fellesfunksjonar er samla i eit synleg og sentralt plassert «hjarte» i skulen.

Målet er at den nye storskulen til 720 millionar skal stå klar i løpet av 2022.

I vinnarbidraget er senteranlegget utforma for å framheva og understreka kvalitetane til eksisterande bygningsmasse. (Illustrasjon: Link arkitektur/Consto)
Senteret er sett saman av fire basar for fagområda kroppsøving, studieførebuande, helse og teknologi. Anlegget er uforma i møte med eksisterande bygg og området sin eigenart. (Illustrasjon: Link arkitektur/Consto)
Teknologibasen vert samansett av eksisterande bygg som vert utfylt med ein ny teknologihall. (Illustrasjon: Link arkitektur/Consto)
Basane ligg organisert rundt eit trekanta myldrerom for tilsette og elevar. Fleire sjølvstendige konstruksjonar fyller hjartet med variert innhald. (Illustrasjon: Link arkitektur/Consto)
Frå hovudinngangen har ein fri sikt heile vegen til gassgården i deltaspissen, og gjennom glasveggen til grøntarealet utanfor. Auditorieveggen sin jamne, trekledde kurve står i kontrast til kantinebygget sin solide teglfasade. (Illustrasjon: Link arkitektur/Consto)
Biblioteket strekker seg over to etasjar, og ei interntrapp gir godt samband mellom plana. (Illustrasjon: Link arkitektur/Consto)
Til toppen