BLAUTT: Festivaldeltakarar gjer lurt i å pakke med seg ei reknjakke eller regnponcho dersom dei har tenkt seg på Målrock. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
BLAUTT: Festivaldeltakarar gjer lurt i å pakke med seg ei reknjakke eller regnponcho dersom dei har tenkt seg på Målrock. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Slik blir festivalvêret dei neste dagane

Det kan vere lurt å pakke med seg regntøy dersom du har tenkt deg på Målrock.

Årdal: For to år sidan bles festivalen vekk, men det ser heldigvis ikkje ut til at det skal skje i år. Men nokon drypp må festivalgjengarar rekne med, spesielt fredag.

Vakthavande meteorolog, Frode Hassel, seier til Porten.no at dei indre stroka Sogn og Fjordane vil få mindre nedbør enn kysten onsdag og torsdag, men fredag er det lurt å pakke regnponchoen. 

– Når me kjem til fredag, vert det nedbør. Då vil temperaturane stige, og det drypper nok jamnt og trutt heile dagen med aukande nedbør på kvelden, seier Hassel.

Det vert altså ein grå dag, og laurdag vil det liggja att restar av denne fronten. 

– Frå midt på dagen fredag til laurdag morgon blir det ein del nedbør. Resten av laurdag og søndag er det ikkje dei store mengdene, og det går mot betydeleg betring når me er ferdig med helga. Då vert det sol og sommartemperaturar. 

Festivalsjef for Målrock, Katrine Clausen Fredheim, trur det er lurt å heilgardere seg.

– Det blir det vêret det blir. Ta med regnjake og t-skjorte, så er ein godt sikra, seier ho.

Det har vore mykje dårleg vêr dei siste dagane og temperaturar som minner meir om haust enn sommar. Hassel fortel at ved Juvasshytta på 1800 meter var det -4,5 grader i natt. Nedbøren kan difor kome som snø i høgfjellet. 

Til toppen