MØTEST IGJEN: Truls Hovland og Årdal skal møte Eid i den første kvalifiseringsrunden i cupen. Sist laga møttest på Jotun stadion i 2015 knuste årdølene gultrøyene 6-2. Foto: Arkiv. 
MØTEST IGJEN: Truls Hovland og Årdal skal møte Eid i den første kvalifiseringsrunden i cupen. Sist laga møttest på Jotun stadion i 2015 knuste årdølene gultrøyene 6-2. Foto: Arkiv. 

Slik blir første kvalikrunde i cupen

Norges Fotballforbund har sett opp første runde i NM, der det blir fylkesoppgjer på begge laga frå Sogn.

Årdal: Både Årdal og Fjøra skal ut i kvalifisering før dei ordinære rundane i cupen startar. For begge laga ventar det lokal motstand.

For Fjøra, som sikra ein plass i Regionligaen førre sesong, ventar Skavøypoll frå Vågsøy. Sistnemnde gjorde det godt i 4. divisjon i 2016 og kom til slutt på ein 2. plass.

I dette oppgjeret er det Skavøypoll som har heimebanefordelen.

Øvst i den divisjonen trona Eid, som blir Årdal sin motstandar. Dei to møtte kvarandre sist i 2015-sesongen då dei var i same avdeling i 3. divisjon. Laget frå Nordfjord sleit voldsomt den sesongen og rykte ned etter berre å ha tatt 10 poeng – 28 færre enn Årdal.

Likevel klarte dei å halde årdølene til uavgjort tidleg i vårsesongen, men på Jotun stadion fekk dei juling og vart sendt heim med 6-2 i bagasjen. 

Så vil tida vise om årdølene klarar det same når dei no møtest att på nettopp Jotun stadion. Årdal og Eid er no divisjonskollegaer i den nye Kretsligaen og skal kjempe om poeng seinare i sesongen også. 

Kampane skal avviklast innan 29. mars, der laga skal sjølve bli samde om kampdato.

Det siste laget frå fylket som skal i aksjon i kvalifiseringsrunden er Stryn som møter Volda. Førde, Florø og Sogndal kjem inn i turneringa seinare.

Til toppen