Slik blir friluftsdelen under Målrock

Slik blir friluftsdelen under Målrock

Under årets festival blir det ein eigen friluftslivsdel i samarbeid med Utladalen Opplevelsescamp.

Dei siste åra har det blitt arrangert topptur fredag i regi av Årdal Turlag, men i år blir festivalen utvida med to ekstra dagar der naturopplevingar står sentralt. 

I tillegg avslører festivalen i ei pressemelding at bukkehornisten og årdølen Karl Seglem kjem til Årdal.

Denne friluftsdelen av Målrock har vore varsla lenge, men først no er planane for desse dagane klare. Det er i samarbeid med Utla Opplevelsescamp denne delen vert arrangert. Denne delen av festivalen skal ha base i Utladalen, inngangsporten til Jotunheimen. I og med at kalaset er utvida, kan ein allereie onsdag gå i festivalmodus her framme.

– Målrock i friluftsvariant vert om lag som festivalen. Me skal by på noko for dei fleste, men med høg kvalitet på alt me tilbyr. Me jobbar fortlaupande med å utvikle Målrock, og mykje av tanken er ei totalpakke ein verkeleg ikkje ynskjer å gå glipp av, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim.

Artikkelen held fram under biletet.

STÅRSLÅTT NATUR: Dei som deltek på friluftslivsdelen under Målrock kan vente seg enorme naturopplevingar. 
STÅRSLÅTT NATUR: Dei som deltek på friluftslivsdelen under Målrock kan vente seg enorme naturopplevingar. 

Fottur til Avdalen

Onsdag er det lagt opp til fottur til Avdalen via Avdalskåri og vidare til Stølsmaradalen til Brendeteigen, Vetti og deretter tilbake til Hjelle. 

– På kvelden byr me på intimkonsert med Karl Seglem, som kjem til å sette den definitive stemninga for årets festivaloppleving. Karl kjem med ny plate inspirert av norrøn mytologi i oktober i år og kjem til å gje heilt eksklusive smakebitar denne kvelden, heiter det i pressemeldinga. 

Seglem er både lokal og universal og passar såleis godt inn i den ramma Målrock-gjengen ønskjer å skapa desse dagane. På sitt nye bukkehornalbum miksar 53-åringen bukkehorn med elektronika. 

2000-meterstopp

Torsdag har deltakarane to moglegheiter. Anten kan ein få seg ein skikkeleg topptur til Soleibotntind, som ruvar 2088 meter over havet eller så kan ein få seg ein spektakulær sykkeltur frå Sletterust til «Tusenmeteren» og ned til Årdal.

Denne kvelden står Fish på scena i Meieriparken på Årdalstangen. 

Dersom ein ikkje fekk nok torsdag, kan ein bli med på ein ny topptur til Heirsnosi fredag. Det er Årdal Turlag som har regien denne dagen, der festivalen for alvor sparkar i gang.

– Heile friluftsarrangementet er ei pakkeløysing, der ein kan få alt inkludert heile vegen. Festivalpasset i «full pakke»-versjon inkluderer alle turane, alle konsertar, festivalen i Meieriparken og all naudsynt transport, så her er det ingen grunn til å nøla. Det einaste ein treng i tillegg er eventuell overnatting, som mellom anna kan bookast direkte via Utla Opplevelsescamp, opplyser festivalsjefen.

Til toppen