SAMLA: Omstillingsgruppa hadde møte på Statens hus i Leikanger 28. februar. Frå venstre: Erna Tystad, Thorvald Røneid Moen, Ove Midtbø, Trond Rolland, Jorunn Felde, Gunnar O. Hæreid, Rune Fjeld, Frode Barstad, Tove Briseid Tjugum, Marianne Svege og Tone Britt Steinsland. Kari Trepstad Utvær var ikkje til stades.
SAMLA: Omstillingsgruppa hadde møte på Statens hus i Leikanger 28. februar. Frå venstre: Erna Tystad, Thorvald Røneid Moen, Ove Midtbø, Trond Rolland, Jorunn Felde, Gunnar O. Hæreid, Rune Fjeld, Frode Barstad, Tove Briseid Tjugum, Marianne Svege og Tone Britt Steinsland. Kari Trepstad Utvær var ikkje til stades. (Foto: Maria Nesse Haugen/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.)

Slik blir Fylkesmannen organisert etter samanslåinga

Leikanger blir hovudsete og får leiarfunksjonen for to av fem avdelingar når fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman.

Leikanger: Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane skal slåast saman frå 1. januar 2019, og no er strukturen for det nye embetet klar.

– Organisasjonskartet er utarbeidd med eit mål om ei balansert fordeling av avdelingar og oppgåver mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Overordna føresetnadar for strukturen er mellom anna hovudsete i Leikanger og kontorstadar i Bergen og Førde, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Det nye fylkesmannsembetet vil bestå av leiing, stab og seks fagavdelingar. Avdelingane vil ha namna: organisasjon og strategi, kommunal, helse, sosial og barnevern, landbruk, miljø og utdanning og verjemål. Alle avdelingane utanom landbruk vil ha fleire seksjonar.

Leiarfunksjonen for organisasjon og strategi og kommunalavdelinga vil bli lagde til Leikanger.

– Det er viktig å presisera at ein seksjon kan ha tilsette i begge fylke, sjølv om leiarfunksjonen er lagt til eitt av dei. Ingen tilsette vil mista tilsetjinga som følgje av samanslåinga, men for leiarar kan det bli endringar i arbeidsstad og for alle kan det kan bli endringar i arbeidsoppgåver, står det i pressemeldinga.

– No har vi fått eit kompromiss som eg trur dei fleste tilsette kan leve med, sjølv om nokon kan vere mindre nøgde enn andre, Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, leiar den lokale omstillingsgruppa.

Til toppen