GODT FYRVERKERIVÊR: Ifølgje Arnstein Tjøstheim ved vêrvarslinga ser det ut til å bli godt fyrverkerivêr i indre strok på nyttårsaftan. Foto: Roy Trulssen.
GODT FYRVERKERIVÊR: Ifølgje Arnstein Tjøstheim ved vêrvarslinga ser det ut til å bli godt fyrverkerivêr i indre strok på nyttårsaftan. Foto: Roy Trulssen.

Slik blir fyrverkerivêret

Og deretter kjem sprengkulda til Indre Sogn. 

Årdal/Lærdal: Det ser ut til at Indre Sogn får ei ganske så fin nyttårsaftan og kan gå inn det nye året utan å uroe seg for at fyrverkeri skal reise med vinden.

Dei siste dagane har kraftig vind ført skapt problem på fjellovergangane, og mykje vind og fyrverkeri går sjeldan godt ilag. 

Ifølgje vakthavande meteorolog ved Meteorologisk Institutt i Bergen, Arnstein Tjøstheim, vil det halde fram å blåse onsdag.

Godt fyrverkerivêr på nyttårsaftan

– Det vil halde fram å blåse med enkelte kraftige vindkast i dag. I natt vil vinden minke litt før den aukar på igjen i morgon føremiddag. På kvelden skal det minke att, og då blir det inga auking, seier Tjøstheim til Porten.no.

Det er først og fremst på kysten ein vil merke vinden mest, men også på fjellovergangane. Meteorologisk Institutt har sendt ut obs-varsel, der dei varslar om vindkast opp i 25 til 30 meter per sekund. 

– Men i indre strok blir det lite vind, men det blir nok regn, som går over til bygevêr, og på kvelden blir det ikkje særleg med nedbør. Det kan blir ganske greitt, fortel Tjøstheim.

Deretter kjem kulda

Onsdag er det 10 grader i Lærdal, men allereie på første dag av 2016 må lærdølene og årdølene finne fram vinterfrakken. No gjer omsider Kong Vinter sin ankomst.

Dermed vil ein gå frå eit unormalt mildt vêr til ned i så mykje som minus 10 grader på berre få dagar. Det pene vêret kjem frå aust.

– Allereie 1. nyttårsdag blir det austleg vind med ganske fint vêr og kaldt. I indre strok kan det bli heilt ned i ti minusgrader. Frå 2. dag vil det betre seg endå meir, og frå søndag blir det sol og opphaldsvêr, opplyser Tjøstheim. 

Til toppen