SKIFTANDE: Meteorologisk institutt ventar seg ulike vêrtypar i laupet av haustferien. Ver førebudd på det meste.
SKIFTANDE: Meteorologisk institutt ventar seg ulike vêrtypar i laupet av haustferien. Ver førebudd på det meste.

Slik blir haustferievêret

Gjer klar støvlane og finn fram vinterdekka.

  • Endret

Vêret i haustferien for Årdal og Indre Sogn blir ifølgje Meteorologisk institutt nokså grått med enkelte periodar med både regn og opphald.

Men om du har tenkt deg ut på tur må du ikkje fortvila. Til helga er det meldt opphald med skyar og berre små periodar med regn i dei ytre stroka.

Stort sett opphald til helga

– Den beste dagen var nok på måndag, men det blir stort sett opphald til helga, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Klikk HER for å sjekka vêret der du bur eller dit du skal her på Porten.no.

Frå onsdag og ut dei neste dagane skal vêret by på regn og skyar, men ikkje i store mengder. Fredag ser det lysare ut då regnet etter kvart lettar ut på dagen og sola tittar fram i små augneblink. Laurdag blir det stort sett regn i dei ytre strøka i Indre Sogn. 

Med andre ord blir ikkje vêret så aller verst i haustferien sjølv om det kunne nok vore betre for mange.

Snø på fjellet

Statens Vegvesen oppfordrar dei som skal ferdast over fjellet til å ta på vinterdekk.

Over fleire fjellovergangar er det venta kaldare temperaturar og nedbør i form av snø. Dei oppmodar difor folk til å ta det rolig og forsiktig.

Til toppen