FROST OG KULDE: Det går mot ei kald helg i Indre Sogn. Fredag kring klokka 14 var jakkene godt attknept og frostrøyken god synleg på folk som var ute på torget i Øvre Årdal. Foto: Ina Eirin Eliassen
FROST OG KULDE: Det går mot ei kald helg i Indre Sogn. Fredag kring klokka 14 var jakkene godt attknept og frostrøyken god synleg på folk som var ute på torget i Øvre Årdal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Slik blir helgavêret

I Indre Sogn kan du i helga vente deg klarvêr, minusgrader og i periodar sol, då bygevêret ser ut til å halde seg i Nordfjord og på kysten. 

Lærdal/Årdal: – Vêret ser ut til å blir fint, om du likar kaldt vêr då, seier Anders Sivle, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet. 

På dagtid ventar meteorologen at temperaturane vil ligge på to til tre minusgrader, medan gradene på nattetid fell ned til mellom fem og seks minusgrader.

Opphaldsvêret held seg fram til søndag, med klarvêr, sol og i periodar skya.

Kaldvêr – finn fram longsen 

Tenkjer du å nytte skia på snøen som alt har komen over Filefjell, må du nok finne fram longsen. Natt til fredag var det ned mot 20 minus, og det kan fort ligge ned mot 15 til 20 minusgrader i helga. Nordover i fjella i Jotunheimen er det større sjanse for at du kan støte på snø. 

For dei som skal over Rv 52 Hemsedalsfjellet er det meld om opphaldsvêr, og det er ikkje venta ny snø i helga. 

I 14-tida fredag var det snø- og isdekke, opphaldsvêr og kring ti minusgrader over fjellovergangane i området. På Rv 52 Hemsedalsfjellet er det lett bris, medan Fv 50 Hol - Aurland, Fv 53 Tyin - Årdal og E16 over Filefjell var det klart og stille, melder Statens vegvesen. 

Meteorologen fortel at det vil bli ei kald helg i heile landet, der skiljet går ved Dovrefjell. Nord for Dovrefjell kjem snøen, medan sør for Dovrefjell  er det meld om opphaldsvêr. 

Måndag snur det – finn fram støvlane

Sjølv om det ikkje er så ofte heile landet får like kaldt vêr som denne helga, kjem vêrskiftet alt måndag.

Då kjem vinden frå sør, noko som gir mildvêr og regn. I fjellet, frå over 500 meter, kan ein vente seg snø til veka, fortel Sivle til Porten.no. 

Til toppen