IKKJE SLIK: Slik var veret på Brekke i Gulen for nokre veker sidan, slik blir det ikkje i helga. Men det kan vere håp om sol.
IKKJE SLIK: Slik var veret på Brekke i Gulen for nokre veker sidan, slik blir det ikkje i helga. Men det kan vere håp om sol. (Synne Asheim Haga)

Slik blir ikkje helgevêret: – No er det haust

Meteorologisk institutt har ikkje mykje fint å sei om helgevêret.

Sogn: – Ja, no er det haust. 

Det er det vakthavande meteorolog i vêrvarslinga, Anne Solveig Andersen, har å fortelje om helgevêret. 

Det er vått på fredag, og det blir vått gjennom helga, forklarar ho. Vinden kjem òg på besøk. 

– Det er mykje vind frå sørleg retning fredag, og sørvest i natt og laurdag. Langs kysten og i fjellet kan det komme opp i sterk kuling. Det vil kanskje roe seg i kveld, men i morgon vil det vere skiftande sterk vind att, seier ho. 

– Må ta det vi får

MYKJE REGN: Det er ikkje lett å skimte at Sogn ligg ein plass under skyene på dette kartet. Foto: Yr.no sin vêr-radar

På laurdag vil vêret vere meir skiftande, og her seier Andersen at sogningane må nytte moglegheita når ho byr seg. 

– I morgon kan det bli nokre gløtt mellom skydekka. Det kan bli sol. Så vi må ta det vi får, seier ho. 

Ho seier likevel at temperaturen vil synke. 

– Søndagen ser litt meir usikker ut. Slik det ser ut no, kan det bli vått først på dagen, også roe seg litt etterkvart, seier ho. 

Ho vil råde dei som skal gå tur, om å kle seg godt. 

– Og følg godt med på varslingane, spesielt radaren trur eg kan vere til hjelp denne helga, seier ho.

Til toppen