TØFF INNSPURT: Fjøra og Årdal har like mange poeng, men heilt ulike utgangspunkt før serieavslutninga. Der årdølene treng eit lite mirakel, har fjørene skjebnen i eigne hender. Foto: Rune Sjøberg/Halvor Farsund Storvik.
TØFF INNSPURT: Fjøra og Årdal har like mange poeng, men heilt ulike utgangspunkt før serieavslutninga. Der årdølene treng eit lite mirakel, har fjørene skjebnen i eigne hender. Foto: Rune Sjøberg/Halvor Farsund Storvik.

Slik blir innspurten i tredjedivisjon

Fem kampar før slutt har vi prøvd å bringe orden i nedrykkskaoset i årets 3. divisjon.

OPTIMIST: Fjøratrenar Håvard Hatle har trua på at laget skal greie seg.
OPTIMIST: Fjøratrenar Håvard Hatle har trua på at laget skal greie seg.

Årdal/Sogndal: Det er ikkje berre fjøratrenar Håvard Hatle som har gitt opp å rekne på tabellar denne sesongen. I år er dei nemleg vanskelegare enn nokon gong å halde styr på (sjå lenger ned i saka).

– Slik situasjonen er no har vi framleis sjanse på tredje- og fjerdeplassen. Vi får gå for det, så får vi heller telje opp til slutt. Alt er opp til oss sjølve, seier han.

Les også: No startar haustdramaet i tredjedivisjon

– Vil vere ein stor siger

Både Årdal og Fjøra står med 35 poeng når fem kampar står att. Men der årdølene treng eit lite mirakel, kan fjørene frå Sogndal avgjere alt sjølve.

Skulle dei klare å halde seg vil det vere ein enorm prestasjon. Det meiner i allefall trenar Hatle. 

– Vi er nyopprykka og læringskurva til spelarane har vore temmeleg bratt. Vi har gått på ei og anna mine, men spelarane har respondert godt og vore enorme i heile år. Så det vil vere ein stor siger for dei, seier han.

Laget har tatt ti av tolv poeng på dei fire siste kampane. Det lover bra, men til helga ventar Træff på bortebane, laget dei har over seg på tabellen.

– Vi veit at det blir ei tøff nøtt. Eg trur dei har meir å tape enn oss, så vi har god tru på at vi skal greie å få med oss noko frå den kampen, seier Hatle.

Oppsummert skal femteplassen dei har i utgangspunktet halde til ny kontrakt, men det er òg avhengig av kva som skjer i dei andre avdelingane.

TEKNISK: Fjøra er nyopprykka, men det er ikkje kynisme som har gjort at dei har teke divisjonen med storm. Laget satsar på å dominere kampane med pasningsspelet og vartar ikkje sjeldan opp med lekre detaljar.
TEKNISK: Fjøra er nyopprykka, men det er ikkje kynisme som har gjort at dei har teke divisjonen med storm. Laget satsar på å dominere kampane med pasningsspelet og vartar ikkje sjeldan opp med lekre detaljar.

Kjempar med ryggen mot veggen

Årdal er på åttandeplass i avdeling tre, sju poeng bak Lillestrøm 2 på femte. Viss dei på mirakuløst vis skulle greie å hente att kanarifuglane, held det nesten garantert til ny kontrakt.

FRAMLEIS HÅP: Årdaltrenar Ivan Øy innrømmer at det er eit stykke opp, men vil enno ikkje gje opp ny kontrakt.
FRAMLEIS HÅP: Årdaltrenar Ivan Øy innrømmer at det er eit stykke opp, men vil enno ikkje gje opp ny kontrakt.

– Så lenge me har ein teoretisk muligheit, så kan me ikkje gje opp håpet. Men no er me avhengige av at laga framfor oss tapar x-antal kampar, medan vi sjølve må vinna det meste, seier trenar Ivan Øy.

At dei møter serieleiaren Skedsmo borte til helga gjer ikkje oppgåva noko lettare.

– Målet er å ta full pott. Det blir tøft, men ein kamp skal spelast først, som eg brukar å seie.

Som du kan sjå nedanfor er det tøft i toppen av avdelinga til Årdal. Til dømes ligg Os på fjerdeplass i avdeling sju med eit snitt på 1,65 poeng per kamp. Årdal har same snitt, men ligg berre på åttande.

– Det er ikkje noko me kan bruka energi på. Det er no ein gong slik at me hadde lyst til å koma i denne avdelinga, så me kan ikkje klaga på det. Det høge nivået gjer oss berre betre, seier Øy.

LYNVING: Truls Hovland har vore ein av Årdal sine beste denne sesongen. Han må hjelpe laget med nye usannsynlege dribleraid dersom det skal vere håp i avslutninga. 
LYNVING: Truls Hovland har vore ein av Årdal sine beste denne sesongen. Han må hjelpe laget med nye usannsynlege dribleraid dersom det skal vere håp i avslutninga. 

Her har du oversikta på serieavslutninga

Bakgrunnen for kaoset er som dei fleste har fått med seg omlegginga av seriesystemet (sjå faktaboksar). I år er det nemleg ikkje godt nok å studere sin eigen tabell for å vite kor mange poeng du treng.

Ein god dose tilfeldigheiter og like delar matte vil avgjere kven som får dei åtte ettertrakta femteplassane. For å gjere det litt lettare å halde oversikta har vi laga ei liste over dei laga som ligg best an til å kapre dei åtte ettertrakta femteplassane.

Fordi ikkje alle avdelingane har like mange kampar att, har vi rangert laga etter poengsnitt.

Slik er stoda nokre får rundar før det heile skal avgjerast: 

  1. Avdeling 3. Lillestrøm 2 ligg på femte med 42 poeng på 21 kampar og har to poeng i snitt per kamp. Årdal har 35 poeng og ligg på åttandeplass, med . Å hente sju poeng på fem kampar skal halde hardt, men er teoretisk mogleg.
  2. Avdeling 4. Ready ligg på femte med 40 poeng på 20 kampar. Det gir to poeng i snitt, like mykje som Lillestrøm i avdeling 3. 
  3. Avdeling 10Charlottenlund ligg på femte med 37 poeng på 21 kampar. Det gir dei 1,8 poeng i snitt, tredje best av dei ti avdelingane.
  4. Avdeling 5. Så følgjer ei røys med lag som har 1,7 poeng i snitt. Lura ligg best i løypa om vi fintel desimala, dei tek femteplassen i si avdeling med 33 poeng på 19 kampar. Det gir 1,74 i snitt.
  5. Avdeling 9. Lillehammer ligg på femte med 36 poeng på 21 kampar. 1,71 i snitt
  6. Avdeling 1: Drøbak/Frogn ligg på femte med 36 poeng på 21 kampar. 1,71 i snitt. 
  7. Avdeling 6. Dei to neste laga har òg 1,7 i snitt, men då må vi runde oppover. Brodd har tatt 35 poeng på 21 kampar, noko som gir dei femteplassen med eit snitt på 1,67 poeng per kamp.
  8. Avdeling 8. Same gjeld Fjøra. Dei har 35 poeng på 21 kampar, noko som gir 1,67 poeng i snitt. Med berre to femmarlag bak seg betyr det at fjørene står i fare for å rykke ned, sjølv om dei greier femteplassen. Det er to poeng opp til Træff på fjerde.  
  9. Avdeling  7. Bjarg ligg på ein førebels femteplass med 31 poeng på 19 kampar. Det gir 1,6 i snitt. Bjarg har èin kamp til gode på Os på fjerdeplassen, som har 33 poeng og eit snitt på 1,65 poeng per kamp.  
  10. Avdeling 2: Kjelsås 2  på femte har 32 poeng på 21 kampar. Det er ein heil trepoengar mindre enn til dømes Fjøra, og gir eit snitt på 1,5 poeng per kamp.
Til toppen