Indre Sogn: Etter det noko generøse regnfallet me har hatt den siste veka, vil det i det minste vera trygt å brenna bål på Jonsokafta.
Mindre kjekt er det at regnet òg ser ut til å trua sjølve feiringa.
– Det ser ikkje heilt trygt ut no altså. Eg veit ikkje om det var akkurat det svaret du ville ha, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.
Meteorologen: – Kan vera me er heldige
Ho seier det laurdagen er venta pålandsvind, noko som er eit dårleg vêrteikn om sommaren.
Det er mykje kald og fuktig luft over havet. Når denne bles innover land, blir lufta varma opp, det blir danna skyer og me får til slutt regn.
– Det er usikkert akkurat når han kjem inn. Det kan vera me er heldige og at det roar seg til kvelden, seier statsmeteorologen, som understrekar at det i utgangspunktet er grunn til å vera pessimist.
Ventar meir stabilt vêr
Etter ein lang periode med heilt fantastisk vêr, har det vore heller grått dei to siste knappe vekene. For dei som lengtar tilbake, har meteorologen ei lita livline.
– Det ser ut til at temperaturane vil stiga litt etter kvart, og at me kanskje får litt meir stabilt vêr. Det er ikkje heilt sikkert når det slår til, men er eit håp at det skal bli varmare når me kjem ut i veka, seier Andersen.
Korleis ser jonsokfeiringa di ut? Send oss gjerne bilete på porten@tips.no.