SAME PROSEDYRE: I år som i fjor vert det julemarknad i Lærdal. Her får du sjansen til å ta store delar av julehandelen, samtidig som du får deg noko godt å bita i.
SAME PROSEDYRE: I år som i fjor vert det julemarknad i Lærdal. Her får du sjansen til å ta store delar av julehandelen, samtidig som du får deg noko godt å bita i.

Slik blir julemarknaden i Lærdal

Leiaren av marknadsnemndi torer nesten lova julegavegaranti.

Lærdal: Eit trettitals seljarar tilbyr julemat, julebakst, julepynt og potensielle julegåver når den fjerde utgåva av julemarknaden i Lærdal går av stabelen laurdag 25. november.

– Her kjem det masse boder så folk kan kjøpa alt dei treng til jul. Eg trur eg kan lova det, seier Astrid Grøndal Trulssen, leiar i marknadsnemndi, i ei pressemelding.

ØNSKJER ALLE VELKOMMEN: Astrid Grøndal Trulssen, leiar i julemarknadsnemndi. 
ØNSKJER ALLE VELKOMMEN: Astrid Grøndal Trulssen, leiar i julemarknadsnemndi. 

I år vil marknaden vera på haldeplassen utanfor Kulturbanken. Det vil i tillegg stå boder oppover Øyragata forbi Galleriet Kafè og Lærdalsøren hotell på eine sida og dei nye butikkane Smak av Sogn, Bui og Fredag på andre sida. 

Som i fjor har nemndi bestemt at marknaden skal vara berre èin dag. Likevel er det ein del som skjer òg dagen før. Då blir julegrana på rådhusplassen tent, butikkane i sentrum har Black Friday-tilbod og utvida opningstider, pluss at marknadsnemndi arrangerer konsert i kulturhuset med Einar Bolstad og Indre Hafslo spelemannslag på kvelden. Der blir det òg servert juletapas.

På sjølve marknadsdagen laurdag vert det køyring med hest og vogn, julekino, musikk og song ved Lærdal musikklag og Lærdal songkor, sal av julegraut på Lærdalsøren hotell og ein kan kjøpa julenek og julegløgg i boden til dugnadsgruppa frå 10. klasse ved Lærdalsøyri skule.

– Over tretti seljarar har meldt seg på no ei veke før marknaden og fleire kan koma til. Det er eit rikt utval av varer, mange boder med mat og drikke til jul i form av pølser, spekemat, rakfisk, bakst og anna søtt, ost, poteter, frukt, saft og juice. Me har også fleire tilbydarar av juledekorasjonar, keramikk, husflidsvarer og andre ting som eignar seg godt under juletreet. Så det er berre å gå rundt og kosa seg, seier Grøndal Trulssen i pressemeldinga.

Til toppen