KVIT JUL?: Porten.no har snakka med vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet, for å finne ut korleis starten av julehelga blir. Foto: Ina Eirin Eliassen
KVIT JUL?: Porten.no har snakka med vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet, for å finne ut korleis starten av julehelga blir. Foto: Ina Eirin Eliassen

Slik blir julevêret

Bu deg på nedbør og sterk vind julaftan og 1. juledag. 

Årdal/Lærdal: – Det blir på langt nær strålande vêr på starten av julefeiringa, fortel vakthavande meteorolog, Trond Thorsteinsson, ved vêrvarslinga på Vestlandet. 

– Må godt opp i høgda for å finne snøen

I heile Sogn og Fjordane er det venta mykje vind julaftan, med liten til full storm på kysten og i fjellet. Tidleg på dagen vil det regne av og til i indre strøk, men regnet aukar på utover ettermiddagen og går over til byger på kvelden. 

Snøgrensa ligg på kring 1000 meter på dagen 24. desember, men vil gå ned til 600 til 700 meter utover kvelden. 

For dei som skal over fjellet julaftan, må nok bu seg på utfordrande køyrevêr om ikkje vegane stenger, fortel meteorologen.

  • Oppdaterte trafikkmeldingar finn her

Kan koma snø i låglandet 1. juledag

– Mykje betre blir det heller ikkje 1. juledag, seier Thorsteinsson. 

Vindretningen 1. juledag er venta å endre seg frå sørleg retning til vind frå sørvest først på dagen. I fjellet kan det bety vindstyrke på liten til full storm. Utover ettermiddagen vil vinden kome i vestleg retning, noko som gjer at den kan ta godt heilt inn i Sognefjorden. På kvelden vil vinden avta. 

– Det er stort sett venta bygevêr heile 1. juledag. Då Lærdal og Årdal er av dei tørraste plassane, blir det spennande å sjå kor mykje som kjem, fortel meteorologen.

Snøgrensa fell betrakteleg frå 600-700 meter, og det er heller ikkje umogleg at nedbøren kjem som snø i låglandet fredag. 

  • Vêret kan du også følge med på her.
Til toppen