FINT VÊR: Langtidsvêret viser sol og litt lågare temperaturar i heile Sør-Noreg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FINT VÊR: Langtidsvêret viser sol og litt lågare temperaturar i heile Sør-Noreg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik blir langtidsvêret

Kaldare temperaturar og blå himmel i vente.

Årdal/Lærdal: Laurdagen vil by på opphaldsvêr i det meste av kongeriket, med minusgrader og noko skiftande sol og skydekke, er spådommen frå Meteorologisk institutt.

Når søndagen kjem, blir det heller ikkje store forskjellar. Det meste av Sør-Noreg inklusiv Trøndelag, får mykje fint vêr. Malurten i begeret er vind på Skagerrak-kysten, der det kan bli kuling.

– Med nordavind og kuldegrader kan det bli ganske hustrig, seier Johnsen.

Bortsett frå indre strøk og i fjella, der temperaturane kan komme ned i rundt minus 20, blir det ikkje så låge temperaturar andre stader.

Det blir ein gradvis endring utover i veka, med litt meir ustabil situasjon i Nordland og Troms.

– Spesielt Nordland og Troms kan få eit kraftig lågtrykk og stigande temperaturar, som vil kunne gi mykje vind mot kysten og ein god del nedbør – både som snø og regn.

Johnsen meiner at ein kan få mykje av det same i resten av landet.

– Me kan få ei svak temperaturstigning i forhold til helgetemperaturane, men i det meste at Sør-Noreg, som Lillehammer, vil vêret halde seg ganske bra utover i veka, meiner han. (©NPK)

Til toppen