AMPUTERT PÅSKESTEMNING: Vêrmeldingane tyder førebels på at du berre vil kunne nyte påskestemninga i små gløtt i år. Men varslinga frå fredagen av er usikre. Foto: arkiv.
AMPUTERT PÅSKESTEMNING: Vêrmeldingane tyder førebels på at du berre vil kunne nyte påskestemninga i små gløtt i år. Men varslinga frå fredagen av er usikre. Foto: arkiv.

Slik blir påskevêret i Sogn

– Det er heller dårlege utsikter. Det ser ut til at det blir ein del nedbør, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Det finaste vêret kan fort komme i morgon, tysdag, trur han. Då er det venta sol midt på dagen, før regnet kjem litt ut på kvelden. Regnet vil halde fram til onsdagen før det går over til bygevêr.

– Torsdag vil det bli gløtt av sol, men heilt toppers vêr vil det ikkje opplevast som. Du må rekne med byger på torsdagen òg, sjølv om det blir litt lettare, seier statsmeteorolog Livik.

Når det gjeld vêrutsiktene fredag og laurdag er han meir usikker. 

Les også: Her er hennar beste tips til krimbøker i påsken
Les også: Budd på stor trafikk i påsken

– Det er framleis ein god del spaning knytt til dagane etter torsdagen. Det er indikasjonar på at det er håp søndag og måndag, men eg er framleis litt usikker, seier han.

Når det gjeld temperaturane vil dei synke gradvis utover dagen og til i morgon.

– Du kan fort risikere minusgrader om natta ganske langt ned i låglandet. I morgon kveld vil det gradvis stige mot fire-fem grader, seier Livik.

Han trur temperaturane i påska vil ligge rundt tre-seks grader, men med ganske store lokale forskjellar.

Til toppen