SOL: Det ser ut til at det blir mange dagar der vi vil får sjå blå himmel slik som på dette bildet.
SOL: Det ser ut til at det blir mange dagar der vi vil får sjå blå himmel slik som på dette bildet. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Slik blir påskevêret: Sol, sol og meir sol

Mange skal ut på tur i påskeferien og det er berre å glede seg, for vêrmeldinga viser fantastisk vêr den neste veka.

Sogn: Påskeferien er i gong og for mange betyr det mange skiturar med kakao, kvikk lunsj og appelsingar, mens andre heller likar å vere inne og lese eller sjå på krim.

Som alltid er alle spente på korleis vêret kjem til å vere i påska. Både skisentera og alle som skal ut på tur.

Viss vi skal stole på Yr.no så ser det svært positivt ut den neste veka. Både i Hodlekve, Heggmyrane og Seimsåsen viser det fem dagar med knallsol.

For dei som skal på hyttetur eller berre ta seg ein liten skitur så er det berre å glede seg til mange fine dagar og nyte dei siste moglegheitane til å vere ute i snøen før skisesongen er slutt for denne sesongen. 

Sjå vêrvarslane for Hodlekve, Heggmyrane og Seimsåsen nedanfor.

Hodlekve

HODLEKVE: Det er ingenting å påpeike på vêret i Hodlekve den neste veka. Det blir sol og nokre minusgrader. Foto: Yr.no

 Heggmyrane

HEGGMYRANE: Temperaturen på Heggmyrane er litt høgare enn dei to andre plassane. Foto: Yr.no

 Seimsåsen

SEIMSÅSEN: På Seimsåsen skal det komme litt snø og dei neste dagane vil det vere litt overskya etter det kan ein nyte sola for fult også her. Foto: Yr.no

 

Til toppen