Årdal: Det betyr at det ikkje berre blir ein klatrepark på området, men også to andre tiltak som skal bidra til å fremje fysisk aktivitet. Eit samrøystes formannskap gav tommelen opp til prosjektet tysdag, men ville ha nokre avklaringar.
Sandra Opheim (MDG) ville vite om sanden frå bana kunne ha ein negativ effekt på dei andre tiltaka, medan Anne Kauppi (Ap) bad rådmann sjekke moglegheita for ei sandhandballbane i staden for volleyball. Dessutan ville Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) at ein sjekka ut sjansane for å søkje om tettstadutviklingsmidlar.

– Elles er det ikkje tvil om at dette er ei gladsak for barn og unge i Årdal, der ein har tatt omsyn til dei innspela som er komne. Det er veldig bra. Eg meiner me treng ein slik samlingsplass i Årdal. Det er positivt at det kjem på plass, sa Hilde Horpen (Sp).
– Var verdt ventinga
Det har ikkje vore rett fram med saka. Kort tid etter at alle brikkene tilsynelatande kom på plass i oktober i fjor, utsette politikarane saka fordi dei ville ha ei vurdering av andre alternativ, mellom anna etter innspel frå Idrettrådet.
Områda som har blitt vurdert i tillegg til paviljongtomta er torget i Øvre Årdal, Jotunplassen og den vesle trekanten med gras mellom kunstgrasbana og Jotun stadion.
- Les også: Alt i boks – no kjem det klatrepark her
– Eg meiner det var vel verdt å vente denne tida her. Det som i utgangspunktet var ein klatrepark har no utvikla seg til å bli eit nærmiljøanlegg. Av teikningane ser dette veldig bra ut, seier Brandsdal.
Artikkelen held fram under biletet.

Prislapp: 1,8 millionar kroner
Anlegget vil ha ein totalpris på 1,8 millionar kroner inkludert moms, men med hjelp frå spelemidlar og kompensasjon som Handelsbygg betalar ut for utbygginga i Hydroparken vil ikkje kommunen ha andre utgifter enn eventuelle renteutgifter for eit lån til mellomfinansiering fram til moms og spelemidlar vert tilbakebetalt.
Saka skal først innom kommunestyret til handsaming. Målet er at anlegget skal stå klart rundt skulestart til hausten.