FÅR KOMBINASJONSKLASSE: Årdal vidaregåande skule får ein kombinasjonsklasse for påbygg. Det vart klart då Hovudutvalet for opplæring i dag la fram opplæringstilbodet for neste år. Foto: arkiv.
FÅR KOMBINASJONSKLASSE: Årdal vidaregåande skule får ein kombinasjonsklasse for påbygg. Det vart klart då Hovudutvalet for opplæring i dag la fram opplæringstilbodet for neste år. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv)

Slik blir tilbodet på dei vidaregåande skulane i Sogn

Hovudutvalet for opplæring har i dag vedteke opplæringstilbodet for neste skuleår.

Årdal/Sogndal: Opplæringstilbodet på dei to vidaregåande skulane i Sogndal og Årdal vert i stor grad uendra.

ALT KLART: Leiar for Hovudutvalet for opplæring, Karianne Torvanger (Ap)v, er klar til å lyse ut opplæringstilbodet på dei vidaregåande skulane.
ALT KLART: Leiar for Hovudutvalet for opplæring, Karianne Torvanger (Ap)v, er klar til å lyse ut opplæringstilbodet på dei vidaregåande skulane.

– Tilbodet vert stort sett slik det vart tilrådd frå administrasjonen. Den einaste endringaen i Årdal er å lyse ut ein kombinasjonsklasse for påbygg, seier utvalsleiar Karianne Torvanger (Ap).

Les også: Nytt fagprøvetilbod: – Ein styrke for skulen

Påbygg er eit tilbod som sikrar generell studiekompetanse til yrkesfagelevar som vel å ikkje gå ut i lære. I utgangspunktet skulle dette berre gjelde for vg4-elevane, men no blir det gjort i kombinasjon med dei som går vg3.

– Vi ønskjer at dei som tek yrkesfag går ut i lære, men dette opnar opp for dei som vil skal kunne velje ein annan veg, seier Torvanger.

I Sogndal har inneværande skuleår gått utan ei linje for Klima, energi og miljøteknikk. Planen var no å flytte den frå Florø til Sogndal, men Hovudutvalet for opplæring har bestemt at tilbodet skal lysast ut begge plassane.

– Så håpar vi at søkjartala skal vere betre i år, seier Torvanger.

Her kan du sjå korleis opplæringstilbodet blir for alle skulane neste år.

Til toppen