SKAL HINDRA KRYSSING: Det planlagte sperregjerdet på Hemsedalsfjellet skal hindra villrein i Nordfjella frå å kryssa inn til tamreinen til Filefjell reinlag. CWD-koordinator Lars Nesse innfelt. Arkivfoto
SKAL HINDRA KRYSSING: Det planlagte sperregjerdet på Hemsedalsfjellet skal hindra villrein i Nordfjella frå å kryssa inn til tamreinen til Filefjell reinlag. CWD-koordinator Lars Nesse innfelt. Arkivfoto (Foto: Ole R. Sælthun/Statens Naturoppsyn)

Slik blir truleg sperregjerde på Hemsedalsfjellet

– Målet er at gjerdet skal opp i løpet av sommaren, seier CWD-koordinator Lars Nesse.

Lærdal: Som tidlegare omtalt er det planar om å setja opp eit kring sju kilometer langt sperregjerde frå Eldrevassbergi til Holesvingane på Hemsedalsfjellet for å unngå at villrein frå skrantesjukeråka Nordfjella kryssar inn i tamreinsflokkane på andre sida av vegen. 

Då landbruksminister Jan Georg Dale var på vitjing på Hemsedalsfjellet sist i april kom det fram at grunneigarane i det store og heile godtek at eit sperregjerde kjem opp, men fleire av dei var usamde i den utteikna traseen som låg føre då. 

Les også: Ministeren meiner gjerdet er viktig å få på plass

1,70 meter høgt

No er ein ny trasé teikna inn som hovudsakleg følgjer elva Mørkedøla og dermed ikkje gå gjennom beiteområda på same vis som den første versjonen. 

Trykk her for å sjå traseen slik den er teikna inn no.

Norske Reindriftsamers Landsforbund og Landbruks- og matdepartementet har sett av midler over reindriftsavtalen til oppføringa av sperregjerdet og Fylkesmannen i Sør- Trøndelag er såleis tiltakshavar for gjerdet. I eit brev frå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag til Lærdal kommune står det at ein føresetnad for oppføringa er at dei berørte grunneigarane sluttar seg til oppføringa.

– Me prøver å få til ei synfaring med grunneigarane så snart som råd, seier Nesse.

Vidare går det fram av brevet at gjerdehøgde skal bli 1,70 meter (Netting med høgde 1,50 meter skal festast 0,10 meter over bakken, bølgjetråd skal festast på toppen om lag 0,10 meter over netting). Stolpeavstand skal vera 2,5 meter.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har ansvaret

10. august startar reinsjakta i Nordfjella, og målet er at gjerdet står ferdig til då.

– Først må me landa traseen, så må dette ut på anbod og det må ein høyringsrunde på to veker til. Så noko tid vil det framleis ta, men rundt månadsskiftet juni/juli bør oppføring kunne starta, seier Nesse.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag skriv i brevet at dei har ansvaret for vedlikehald av gjerdet, og vidare at:

«På det tidspunkt hvor det ikke lenger er behov for gjerdet for å hindre smitte av CWD, bortfaller statens forpliktelser knyttet til vedlikeholdet, og gjerdet skal fjernes.» 

Til toppen