SOLID: Det er ikkje vanskeleg å byte hjul sjølv, seier kommunikasjonsrådgivar Jan-Ivar Engebretsen i NAF. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix
SOLID: Det er ikkje vanskeleg å byte hjul sjølv, seier kommunikasjonsrådgivar Jan-Ivar Engebretsen i NAF. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix

Slik byter du til vinterdekk

Her er tipsa som gjer hjulskiftet til ein leik.

  • Endret

Det er ikkje vanskeleg å byte hjul. Men du må gjere det på den rette måten og ha dei rette verktøya.

Biljekken held lenge, og hjulvinda som følgjer bilen, er meir enn bra nok. Det einaste du treng ekstra, er ein momentstav eller momentnøkkel.

Jamt underlag

– Det er viktig at ein ikkje gløymer tryggleiken når ein driv med dette, seier Jan-Ivar Engebretsen i Norges Automobil-Forbund (NAF).

Han tilrår å setje bilen på eit jamt underlag før ein jekkar bilen opp, samtidig som ein trekkjer handbrekket og set bilen i gir.

Artikkelen held fram under biletet

IKKJE FOR HARDT: Hjulboltane skal strammast med eit spesielt moment. Ein momentstav, som desse, er billige og sørgjer for at du ikkje strammar bolten for mykje.
IKKJE FOR HARDT: Hjulboltane skal strammast med eit spesielt moment. Ein momentstav, som desse, er billige og sørgjer for at du ikkje strammar bolten for mykje.

– Det er lurt å løyse boltane før du jekkar opp bilen. Pass òg på at du plasserer jekken i jekkpunkta. Kor dei er, står i instruksjonsboka.

Han åtvarar samtidig mot å krype under ein bil som er jekka opp, eller å stikke hovudet inn i hjulhuset.

– Det kan vere livsfarleg. Skal du under bilen, må du sikre han med støttebukkar, seier han.

Bruk hageslange

Med hjulet av bilen kan det vere smart å ta ein kikk på bremseslangar og -røyr og sjekke at det ikkje er sprekkar eller skadar i belgane rundt drivakslane og på styrestaget. Dette er òg ei god tid for å sjekke om bremseklossane er slitne. Ser du gjennom fronten av caliperen, ser du klossane. Er det mindre enn tre millimeter igjen, bør dei bytast. Pass òg på å vaske den nedre skåla av fjørbeinet, der det samlar seg mykje skit.

– Ein hageslange held lenge. Bruker du høgtrykksspylar, må du passe på å halde litt avstand der du skal spyle, seier Engebretsen.

Artikkelen held fram under biletet

SJEKK: Pass på mønsterdjupna. Lovkravet er tre millimeter, men NAF tilrår at ein byter dekket når det er fire millimeter igjen av mønsteret.
SJEKK: Pass på mønsterdjupna. Lovkravet er tre millimeter, men NAF tilrår at ein byter dekket når det er fire millimeter igjen av mønsteret.

Start nedst

Når du skal montere hjula, er det lurt å byrje med den nedste hjulbolten.
Da hindrar du hjulet i å «falle utover» når du skal skru dei andre boltane på plass.

Har du trykkluftstrekkar eller ein elektrisk, er rådet å la desse verktøya liggje til du skal stramme mutterane – og da i tillegg bruke ei momentstong.

– Skru alltid hjulboltane inn for hand og ha ein liten drope olje på gjengane. Bruker du verktøy, enten trykkluft eller elektrisk hjulvinde, risikerer du at bolten kjem skeivt på. Det kan bli svært kostbart, seier Engebretsen.

Passeleg stramt

Skrekkscenarioet til dei fleste bileigarar er å sjå sitt eige hjul rulle av garde på eiga hand når ein er ute å køyrer. Derfor tar mange i litt ekstra for å vere sikre på at boltane sit skikkeleg. Men å stramme boltane for hardt, det er ikkje ein god idé.

Artikkelen held fram under biletet

JEKK: Biljekken fungerer heilt utmerkt, men pass på at du plasserer han rett. Kor det er, står i instruksjonsboka.
JEKK: Biljekken fungerer heilt utmerkt, men pass på at du plasserer han rett. Kor det er, står i instruksjonsboka.

– Mange strammar til dei høyrer ein knirkelyd. Eg seier at det er bolten som jamrar seg fordi han er stramma for hardt. Faren ved å stramme boltane for hardt, er at dei kan ryke når ein treffer eit hol i vegen.

Engebretsen tilrår alle til å skaffe seg ei momentstong eller ein momentnøkkel.

– Hjulboltar er strekkboltar. Det betyr at det er elastisiteten i metallet i bolten som held hjulet på plass. Derfor er det ikkje berre å skru til det ein maktar. Ein må stramme boltane med rett moment. Kor mykje ein skal stramme, står i instruksjonsboka. Hugs òg på å stramme boltane i kryss.

Ikkje gløym å etterstramme

Med hjula på plass må du sjekke lufttrykket. Etter eit par mil på landevegen bør boltane etterstrammast. Igjen må du bruke momentverktøy, slik at du ikkje strammar boltane for mykje.

Artikkelen held fram under biletet

LAGRING: Dekka skal lagrast hengande eller liggjande. Pass på at dei ligg mørkt, tørt og kjølig.
LAGRING: Dekka skal lagrast hengande eller liggjande. Pass på at dei ligg mørkt, tørt og kjølig.

– Før du set bort sommardekka, må du vaske dei, sjekke dei for skadar og fjerne småstein som sit i mønsteret. Hjula skal lagrast liggjande eller hengande – og dei skal lagrast tørt, mørkt og kjølig, seier Engebretsen.

(©NPK)
 

Til toppen