RUNDKAST: Trass velt vart sesongens siste konkurranse ein opptur for Alvin Lægreid frå Sogndal.
RUNDKAST: Trass velt vart sesongens siste konkurranse ein opptur for Alvin Lægreid frå Sogndal. (Foto: Pontus Blomqvist Photography)

Slik enda drifting-sesongen for sogndølen: – Hadde flaks

Finaleløpet til Alvin Lægreid i Sverige enda med eit skikkeleg rundkast. Det såg brutalt ut, men det gjekk bra med både bilen og føraren.

Sogndal: Det vart ei dramatisk avslutning på sesongen for driftingførar Alvin Lægreid. Etter å ha vunne kvalifiseringa enda det med utforkøyring og velt i finalen på Mantorp Park i Sverige i helga.

– Når det først gjekk gale, så hadde eg flaks òg. Bilen landa på hjula att, og verken den eller eg har fått særleg skadar. No er det berre å koma seg i garasjen og få fiksa bilen så han er klar til neste år, seier Lægreid.

Her kan du sjå video av velten, samt den gode køyringa i kvalifiseringa.

LIKE BLID: Trass velten i finalen vart sesongavslutninga i Sverige ei stadfesting på at både bilen og Lægreid kan hevda seg mot tøff skandinavisk motstand. Foto: Bjørn Wahlberg

Vil finna ut kva som gjekk gale

Lægreid var innstilt på å satsa alt i finalen. Uhellet kom tidleg i løpet. Han hadde sett opp bilen til å sladda, og skulle gje full gass, då bilen fekk understyring. Det enda med eit røft møte med sanden utanfor bana.

Akkurat kva som gjekk gale har ikkje sogndølen funne svar på enno.

– Eg tippar at når eg får sjå loggen frå bilen så finner eg ut ein del av kva som eigentleg har skjedd. Det er anten ein grov førarfeil, eller noko mekanisk som har svikta, seier Lægreid.

Løpet var det fjerde og siste i årets Gatebil Drift Series. Lægreid tok ein 12. plass samanlagt i konkurranse med norske og svenske førarar.

– Eg sleit litt i byrjinga av sesongen, medan dei to siste løpa har vore heilt knall for min del, sett vekk frå velten i finalen, seier Lægreid.

IMPONERTE: I kvalifiseringa fekk Alvin Lægreid høgast poengsum av samtlege. Foto: Bjørn Wahlberg

Etterlengta opptur

Bilen bygde han sjølv frå grunnen i 2017, men akkurat velteburet fekk han proffe folk til å ta seg av. Det angrar han ikkje på i dag. Det øvrige tryggleiksutstyret fungerte og som det skal, som hjelm, halskrage, og polstringane på sida av stolen.

– Når eg kan gå uskadd ut av bilen etter eit slikt rundkast, så viser det at utstyret eg har valt har vore bra, seier Lægreid.

Fjoråret vart ein testsesong, der det handla om å køyra mykje og bli van med bilen. Først i år har han hatt ambisjonar om å bita frå seg. Førsteplassen i kvaliken vart dermed ei viktig stadfesting på at han er på rett veg.

– Det tek tid å køyra bra med ny bil, men no føler eg det verkeleg byrjar å klaffa. Det var viktig å bevisa både for meg sjølv og andre at eg kan, seier Lægreid.

– Eg er kjempeklar for å satsa vidare. Når eg får bilen tilbake i god stand, så skal eg greia å hevda meg bra neste år. Det er dette eg vil driva med.

Til toppen