LEVER HYBELLIVET: Per Rune Skarsbø, Edd Hagan og Bjørn Bruhaug lever hybellivet i Årdal og vedgår at det kan bli ein del frosenpizza.
LEVER HYBELLIVET: Per Rune Skarsbø, Edd Hagan og Bjørn Bruhaug lever hybellivet i Årdal og vedgår at det kan bli ein del frosenpizza.

Slik er det å vere hybelbuar i Årdal

I Årdal er det mange tilflyttarar som går på den vidaregåande skulen, men korleis er livet som hybelbuar?

Denne saka er laga av skuleavisa Innblikk, som Porten.no samarbeidar med om stoff. Besøk skuleavisa her

Bjørn Bruhaug (18) frå Hafslo, Per Rune Skarsbø (18) frå Aurland og Edd Hagan (17) frå Aurland går alle andre året på teknikk og industriell produksjon.

Dei er einige om at Årdal er litt kjedeleg, og at det til tider kan verte lite å finne på.

– Eg spelar fotball med Jotun i fritida og der trivst eg godt, seier Per Rune.

Dei seier at Årdal har høflege og imøtekommande folk, men likevel er dei for det meste saman med hybelbuarar. Årdal vidaregåande skule har mange flinke lærarar, dei føler at dei har fått god oppfølging.

– Eg tykkjer klassemiljøet er bra, og har fått mange nye vener, seier Edd.

Mykje frosenpizza

Som hybelbuar kan det vere vanskeleg å bu heimefrå, der ein må gjere alt sjølv.

– Det er ei utfordring å lage sunn og variert mat kvar dag, ler Bjørn.

– Det går for det meste i ferdigmat og frosenpizza, legger Edd til.

Som oftast når ein bur heilt aleine, må ein rydda, ta oppvasken og ta klesvasken. Men dette er ikkje noko problem for desse karane. 

– Eg pleier å ta med kle heim i helgane, så vaskar dei heime kleda mine, seier Per Rune med eit lurt smil. Medan Bjørn seier at det kan vere vanskelig å holda hybelen rein.

– Litt kjedeleg

Det fleste hybelbuarane på Årdal vidaregåande skule bur i Øvre. Tilboda på Tangen er dei ikkje like godt kjende med.

– Har de kino på Tangen? Det visste me ikkje eingong, seier Bjørn.

Dei har ikkje teke i bruk så mange av dei fasilitetane som finst her i bygda, men dei sjølve har hatt kjekke hybelfestar kvar onsdag. 

– Eg har vore på Samhold éin gong for å sjå ein fotballkamp, men det var veldig stor aldersforskjell, ler Per Rune

HANDBALL: Vilde Eikeland frå Førde spelar handball på fritida si i Årdal. 
HANDBALL: Vilde Eikeland frå Førde spelar handball på fritida si i Årdal. 

Spelar handball på fritida

Vilde Eikeland (17) frå Førde, er ein av få jenter på andre året på elektronikk og automatisering. Vilde seier at i Øvre Årdal er det lett å komme seg frå plass til plass, utan at ein er avhengig av transport. Likevel er det ikkje alt ho er like nøgd med. 

– Det er dumt at Øvre og Tangen er oppdelt, fordi eg er vandt med at alt i Førde ligger sentralt, seier ho.

Vilde bur saman med tre andre gutar i ein fin hybel.

– Eg klarar alle praktiske ting sjølv, og eg tykkjer ikkje at hybellivet er noko utfordring. Ho er ei aktiv jente, som driv både med handball og fotball.

– Eg spelar no på samarbeidslaget for Jotun/ÅTIL 3. divisjon og trivst veldig godt der, seier ho.

MATLAGING: Heidi Fortun frå Gaupne synest det til tider kan vere stress å lage mat til seg sjølv. 
MATLAGING: Heidi Fortun frå Gaupne synest det til tider kan vere stress å lage mat til seg sjølv. 

Stress å lage mat

Heidi Fortun (23) frå Gaupne, går påbygg til generell studiekompetanse. Ho bur saman med søstera hennar, som også går påbygg.

– Til tider kan det vere stress å lage all mat sjølv, men eg og søstera mi hjelper kvarandre, seier Heidi.

Ho trivst  godt i Årdal, men likar seg best heime der familie og venner bur. Heidi seier at Årdal har mange fine fridtidstilbod, og ho er sjølv medlem av Årdal Gym.

– Etter kvart skal eg få prøvd dei ulike tilboda Årdal har, fordi eg synst det ser bra ut, seier ho.

Klassemiljøet tykkjer ho er veldig bra og ho er nøgd med lærarane som er på Årdal vidaregåande skule.

Til toppen