NY ORDFØRAR: Trygve B. Skjerdal (t.h) er den nye ordføraren i Aurland kommune. Her med avtroppande ordførar Noralv Distad.
NY ORDFØRAR: Trygve B. Skjerdal (t.h) er den nye ordføraren i Aurland kommune. Her med avtroppande ordførar Noralv Distad. (Foto: Aurland kommune)

Slik er det nye kommunestyret i Aurland

Nyleg hadde det nyvalde kommunestyret sitt første møte skipa av den ferske ordføraren, Trygve B. Skjerdal.

Aurland: Under det konstituerande møtet for kommunestyret nyleg, ga avtroppande ordførar Noralv Distad (H) klubba vidare til nyvalde Trygve B. Skjerdal (Sp). 

Under møtet takka Skjerdal for både kommunestyret og bygdefolket for tilliten.

– Me skal gjera vårt beste. Ein skulle tru at me hadde ein veldig enkel kommune å styra, men me bur i ein av dei beste kommunane i eit av verdas beste land. Det er ofte ei utfordring i seg sjølv, sa ordførar Skjerdal.

Slik blir kommunestyret

Senterpartiet gjorde som kjent eit brakval på landsbasis i årets kommune- og fylkestingsval. Det gjaldt òg i Aurland. 

Sp fekk åtte mandat i kommunestyret, blant andre varaordførar David Underdal. 

Ap fekk fire mandat, Høgre fekk tre og MDG fekk to.

Her er heile lista:

Senterpartiet

  • Trygve B Skjerdal (ordførar)
  • David Underdal (varaordførar)
  • Bengt Erlend Skjerdal
  • Audhild Rogdo
  • Terje Hilstad
  • Frode Aas Tufte           
  • Sigurd Vikesland
  • Marianne Holme

Arbeiderpartiet

  • Per Are Flåm
  • Reidun Bøe Bjørgum
  • Roar Hylland
  • Kjell Bøe Bjørgum

Høgre

  • Jona Ure Hylland
  • Monica Finden
  • Johannes Dalsbotten

Miljøpartiet Dei Grøne

  • Gøran Johansen
  • Kristoffer Ullern Hansen
Til toppen