Indre Sogn: Natt til måndag advarte Statens vegvesen om skumle køyreforhold grunna regn og synkande temperaturar i regionen.
– Dette fører til at det kan oppstå ei svært glatt vegbane. Køyr forsiktig og tilpass farten etter forholda, skriv Statens vegvesen på Twitter.
Tyin - Årdal er no opna
Fv53 Tyin-Årdal vart meld stengd i søndag ettermiddag, og opna att måndag morgon. Rv. 13 Vikafjellet og Fv. 50 Aurland - Hol, er no opna for fri ferdsel etter å ha vore stengd i natt.
Fv. 53 Tyin - Årdal: Ope for all trafikk..
Rv. 13 Vikafjellet: Ope for all trafikk.
Fv. 50 Hol - Aurland: Ope for all trafikk.
E16 Filefjell: Ope for all trafikk.
Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Ope for all trafikk.