PLAN FOR BUSETJING: – Så langt har det ikkje vore noko problem å busetja flyktningar i Årdal. Det har vore vanskelegare tidlegare på grunn av mangel på bustader, men viss me skal busetja så mange som politikarane har vedteke, må vi etterkvart nytte oss av den private marknaden eller kjøpe, seier Marita Midtun. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
PLAN FOR BUSETJING: – Så langt har det ikkje vore noko problem å busetja flyktningar i Årdal. Det har vore vanskelegare tidlegare på grunn av mangel på bustader, men viss me skal busetja så mange som politikarane har vedteke, må vi etterkvart nytte oss av den private marknaden eller kjøpe, seier Marita Midtun. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Slik er planen for å busetje og integrere flyktningar i Årdal

– Flyktningane stiller ofte svakast som arbeidssøkjarar fordi dei ikkje kan flytande norsk eller manglar godkjend utdanning.

Årdal: I fjor haust vart tusenvis av menneske sendt på flukt. Situasjonen, som skulle få namnet flyktningkrisa, førte til at Noreg verkeleg fekk testa mottaksapparatet, og i same slengen vart kommunane utfordra til å delta på den nasjonale dugnaden ved å ta imot og busetja flyktningar.

Årdal kommune vedtok å ta imot høvesvis 20 og 23 flyktningar i 2016 og 2017. Det vart også bestemt at det skulle lagast ein plan for korleis ein skulle busetje og integrere desse på best mogleg vis. Den planen skal no handsamast av politikarane torsdag. 

– For å lykkast må flyktningane først og fremst ha ein stad å bu, og at dei bur forsvarleg. I tillegg er det viktig å lære seg språk, og ikkje minst at dei får seg ein jobb, forklarar Marita Midtun, som er fagleiar for flyktningtenesta i NAV og prosjektleiar for arbeidet. 

Sagt ja til å busetja 20 i år

Den 41 sider lange planen tar for seg alt frå struktur og økonomiske konsekvensar, til organiseringa av kommunale tenester, og til status og utfordringar. 

Årdal har altså sagt ja til å busetja 20 flyktningar i år, der seks av desse skal vere einslege mindreårige. Så langt har dei busett to.

– Det er realistisk å busetja så mange. Det som er saka, er at UDI og regjeringa til no har prioritert å sende ut asylsøkjarar i staden for å gi opphald. Difor har førespurnadene frå mottaka og IMDI ikkje vore der, men etter sommaren vil dette koma, fortel Midtun. 

I neste veke skal dei busetje tre til, og i tillegg er dei i samtalar med ti andre. Då vil dei vere i mål med dei 14 flyktningane som ikkje er einslege mindreårige. 

– Så langt har det ikkje vore noko problem å busetja flyktningar i Årdal. Det har vore vanskelegare tidlegare på grunn av mangel på bustader, men viss me skal busetja så mange som politikarane har vedteke, må vi etterkvart nytte oss av den private marknaden eller kjøpe, seier Midtun.

Utfordrande bustadmarknad

Av planen går det fram at leigemarknaden er stram i Årdal, mykje fordi asylmottaket leiger bustader til sine 210 bebuarar. Til no har kommunen løyst busetjing i eigne kommunale bustadar, men frå 2017 vil det vere behov for fleire bustadar enn ein har tilgang på. Det er eit problem ein ser i begge nabokommunane Lærdal og Aurland, som nyleg måtte seia nei til å busetja ein familie på sju.

Ein er avhengig av tverrfagleg samarbeid i kommunen for at arbeidet med integrering skal lykkast, men her er dei på god veg, meiner Midtun.

– Dette har blitt mykje betre. Me har fått tilsett ein ekstra ressurs i flyktningtenesta, så no er me to. Heile vegen har me eit tett samarbeid med vaksenopplæringa, og gjennom denne planen prøver me å få til meir struktur og rutinar i det tverrfaglege samarbeidet. Me har etter kvart opparbeida eit tett samarbeid med fleire einingar i kommunen. 

– Alle må bidra

Økonomisk går arbeidet førebels i pluss, og for at det skal halde fram slik må ein lykkast med integreringa. 

– Slik det er no, er ikkje dette eit tap for kommunen, men viss flyktningane blir gåande utan jobb over tid, kan det bli ein kostnad for samfunnet, seier Midtun, som difor oppmodar lokale bedrifter om å ta inn flyktningar på språk- og arbeidspraksis.

– Det er ikkje berre me som tek imot flyktningane. Det er Årdal, og då er me avhengig av at alle tek eit samfunnsansvar.

Til toppen