KOMMUNEREFORM: For Årdal og Lærdal er det aktuelt med fleire alternativ til utgreiingar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KOMMUNEREFORM: For Årdal og Lærdal er det aktuelt med fleire alternativ til utgreiingar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik er reformplanane i Sogn

I Sogn vert det arbeida med fleire ulike alternativ til eventuelle samanslåingar.

Årdal/Lærdal: – Sjølv om kommunane er komne ulikt langt i arbeidet med kommunereforma, blir det samla sett lagt ned mykje godt arbeid i organisering, planlegging og utgreiingar av reforma, skriv Fylkesmannen i eit brev til kommunane i Sogn og Fjordane.

I alt i fylket er det i gong utgreiingar for åtte hovudalternativ. I desse igjen ligg det 13 underalternativ, og alle kommunar som er tilslutta eit regionsamarbeid er med i ulike felles utgreiingar.

For Årdal og Lærdal sin del gjeld dette utgreiingar i samband med Sogn regionråd, som per i dag har ein status med seks ulike alternativ, der Årdal er med i fire og Lærdal med i fem av desse.

Les også: Reagerer på forslag om kommunesamanslåing

Forutan ei utgreiing som inkluderer alle ni kommunane i Regionrådet, er Årdal og Lærdal involvert i følgjande utgreiingar:

  • Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland
  • Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal
  • Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal
  • Årdal, Lærdal, Aurland

Sidan mars har Fylkesmanne hatt møte med rådmann og ordførar i alle kommunar i fylket. Felles tema for kommunane har vore god informasjon, medverknad og høyring av innbyggjarane.

Les også: – Tida med 428 kommunar er forbi

– Dette blir ei viktig oppgåve framover hausten. Ettersom kommunane er komne ulikt langt i sine prosessar, blir det og forskjellige tidsplanar for aktivitetar som skal medverke til engasjement hjå innbyggjarane. Etter vårt oversyn har nesten alle kommunar hatt folkemøte med nasjonal og lokal informasjon om reforma.

– Det er aktuelt med nye folkemøte når kommunane har utgreidd meir om reforma, til dømes når det føreligg intensjonsavtalar. Nettsider er/blir oppretta for samarbeidsprosjekta og i kvar kommune. Kommunane Høyanger, Balestrand og Aurland har gjennomført innbyggjarkartleggingar. I tillegg er Gulen og Solund i ferd med å gjere det same, skriv Fylkesmannen.

Til toppen